Nordmenn skryt på seg trening

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det trur eg ikkje på, seier avdelingsdirektør Jacob Linhave i Helsedirektoratet til P4.

Ifølgje ei ny undersøking frå Sentio Research svarar nesten halvparten av dei spurde at dei følgjer mosjonsrådet.

Direktoratet har sjølv gjennomført undersøkingar der folk i tillegg til å bli spurde om kor mykje dei trenar, blir målt med aktivitetsmålarar.

Resultata viser at folk seier dei er meir aktive enn det dei faktisk er.

Bilete av veltrente kroppar i sosiale medier kan gje negativt sjølvbilete– Mange legg ut fitspiration-bilete for å inspirera til ein sunnare livsstil, medan resultata viser at det motsette skjer.

Éin av tre bevegar seg nok
– Kanskje er det vanskeleg å hugse kor mange minutt ein rørte på seg. Kanskje vil folk gi eit godt bilete av seg sjølve overfor omverda og skryt på seg litt, seier Linhave.

Ifølgje Helsedirektoratets eigne tal er det berre 32 prosent av befolkninga som bevegar seg minst 30 minutt om dagen.

Resultatet av den nye undersøkinga viser at den mest aktive befolkninga bur på Sørlandet og i Telemark. Der svarar éin av to at dei følgjer råda frå myndigheitene. Dårlegast stelt er det i Nord-Noreg, der berre 38 prosent seier det same.

Helsedirektoratet åtvarar mot ein stadig meir sedat livsstil. Dei siste åra har dei difor køyrt kampanjen «Dine 30» for å få nordmenn til å røre meir på seg. (©NPK)

Det er ingen grunn til å ikkje følgje ekspertane sine råd! Forsking viser nemleg at mosjon gir ein rus, dempar smerte og gjer oss lukkelegare – omtrent som ein orgasme.