Lege åtvarar unge mot pre-workout

Pre-workout er pulver som blir rørt ut i vatn, som skal bidra til at ein yter meir på trening. Lege åtvarar unge mot å bruke pulveret på grunn av høgt koffeininnhald.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Det skriv Stavanger Aftenblad.

– Produkta inneheld større mengder koffein, og vi veit at mange unge allereie har eit urovekkjande koffeininntak. Då særleg gjennom energidrikker, men også koffeinhaldig brus, seier Brage Ulvmoen, fagansvarleg lege for nettstaden ung.no.

Ulvmoen fortel at pre-workout (PWO) blir klassifisert som kosttilskot med høgare risiko enn til dømes proteintilskot og kreatin.

Legen meiner at pre-workout i beste fall berre er ei unødvendig utgift utan større effekt enn ein kaffikopp, og i verste fall ulovleg eller helseskadeleg.

Hovudverk, uro, angst, søvnvanskar og høgt blodtrykk er blant biverknadane som kan kome av inntak. Ein overdose kan føre til akutt hjartesjukdom.

– Barn og ungdom toler mindre enn vaksne. Koffein er også avhengnadsskapande, så den oppkvikkande treningseffekten vil minke raskt når ein utviklar ein toleranse.