– Dugnadsånda i Noreg gjev trøyst og glede

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dugnadsånda gjev trøyst

Mawra Mahmood blei valt til ny leiar i Røde Kors Ungdom i november. 26-åringen frå Oslo er klar på kva som har gledd ho mest i året som har gått:

– Dugnadsånda i Noreg. Trass i ein auke i hatkriminalitet og større konfliktar i heile verda finn ein alltid trøst og glede i å sjå korleis det norske folket er i stand til å stå saman og bidra i tider der det er størst behov for det. Og dette ser ein i tillegg i alle aldersspenn som jo òg er tryggjande for framtida.

– Kva har skuffa deg mest i 2016?

– Det er synd at mobbing og utanforskap har vore eit tema det enno ikkje vert fokusert sterkt nok på. Det må fattast vedtak om mobbing på eit høgare plan for å kunna ta dette eit steg lengre. Slik vil òg fleire forstå kor alvorleg det er det som skjer mot mange unge. Fleire unge har vore sterke og skrive kronikkar og meir for å belysa dette, men emnet bør òg vera høgare på dagsorden i samfunnet.

– Kva er det største ønsket ditt for 2017?

– Eg har eit ønske om at terskelen for å dela litt av sitt varme eg er nærast ikkje-eksisterande. Det ønskte utfallet er eit samfunn der hat og urettferdighet blir eliminert. Der det finst aksept for alle uansett korleis dei er, og der oppløfting av medmenneske og menneskeverdet er ein prioritet i kvardagen til alle. Desse verdiane skal liggja implisitt i oss alle, og det vil gje mange positive ringverknader for framtida vår.

– Kva bok vil du anbefala andre å lesa?

– Eg vil rå til alle å skriva ei «god-bok» om seg sjølv der ein noterer ned alle komplimentar ein får og prestasjonar og milepælar i livet, for å anerkjenna seg sjølv litt meir og viktigheita som ligg i det å vera god mot seg sjølv. Utanom dette anbefalar eg The Eighth Scroll av Laurence B. Brown.

Sjå kva andre leiarar i ungdomsparti og ungdomsorganisasjonar seier om året som har gått!