Ada Johanna Arnstad, leiar i Senterungdommen, om glede og skuffelse i 2016 og håp for året som kjem.

mm

Ada Johanna Arnstad blei valt til leiar av Senterungdommen i byrjinga av november. Men det er ikkje det som har gledd ho mest dette året.

– Nyhendet om at eg skal verta tante – det er ikkje noko som kan konkurrera med det!

– Kva er du mest skuffa over i året som har gått?

– Den største skuffelsen er at situasjonen i Syria enno er så grusam for sivile. Ved kvart nye år ynskjer eg å tru at verda går framover og at det vert betre, men historiene frå Aleppo utfordrar den trua.

– Kva er det største ønsket ditt for 2017?

– Det største ønsket mitt er at vi gjer nye teknologiske framsteg som kan løfta menneske frå fattigdom og naud, og dessutan at vi kan finna løysingar i verdssamfunnet som reddar fleire uskyldige frå liv med krig og konflikt.

– Kva bok vil du anbefala andre å lesa i romjula?

– Eg vil tilrå Jenny av Sigrid Undset – ei fantastisk bok! 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.14

Kommentarar

ANNONSE