Glad for at kommersielle eigarar er kasta ut

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kva har gledd deg mest i 2016?

– Å sjå Beyoncé spela konsert i heimbyen sin, Houston, er nok det som har gledd meg mest i 2016.

– I tillegg er det utruleg gledeleg at Raudt har fått med byrådet i Oslo på å kasta ut kommersielle aktørar frå barnehagane. Skattepengane våre skal gå til felles velferd, ikkje i lomma på kommersielle eigarar. Dette er eit lite, men viktig, steg i retning av ei velferd fri for privatpersonar som vil tena seg rike på felleskassa.  

– Kva har skuffa deg mest i 2016?

– Når det mektigaste landet i verda snart skal styrast av Donald Trump og Noreg av Terje Søviknes og Per Willy Amundsen, så manglar det ikkje akkurat på skuffelsar. Men viss eg skal nemna éin ting er det at 139.000 menneske, og familiane deira no går inn i jula og det nye året med mykje usikkerheit. Arbeidsløysa er høgare enn på lang tid, og eitt år etter endringane til regjeringa i Arbeidsmiljølova er det i tillegg 25.000 fleire som er mellombels tilsett. Noko av det som har skuffa meg mest i 2016 er at det ikkje verkar som regjeringa har nokon plan for å få arbeidsledige tilbake i arbeid.

– Kva er det største ønsket ditt for 2017?

– At Raudt kjem inn på Stortinget, slik at vi kan spela ei avgjerande rolle i fleire viktig saker, slik som vi har gjort i Oslo og dei andre byane der vi står sterkt i dag. 

– Kva bok vil du anbefala andre å lesa i romjula?

A History of Violence: Living and Dying in Central America av Oscar Martinez. Ho handlar om å leva i den dødelegaste delen av verda. Martínez skriv ein ærleg og dyster skildring av livet i Sentral-Amerika. Det har vorte sagt om denne boka at viss du berre skal ta med deg ei bok på ferie, burde det ikkje vera denne. Så det er kanskje ikkje det mest julete tipsa, men vonleg ein desto betre bok.

LES OGSÅ: FpU-formann Bjørn-Kristian Svendsrud sine håp for 2017