Desse sakene hugsar me best frå 2016

Framtida
Publisert
Oppdatert 12.02.2020 19:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sakene me hugsar best frå 2016

2016 har vore eit fælt år for mange. Krigen i Syria har om mogleg blitt endå verre, og rekordmange har drukna på flukt til Europa. Rystande terror-åtak i Nice, Berlin, Orlando, Brussel, Ankara, Pakistan og Irak. Kuppforsøk i Tyrkia.

Eldre veljarar stemte Storbritannia ut av EU og Trump inn i Det kvite huset, Hagen tok feil om klima, og nokre av dei største stjernene gjekk bort: David Bowie, Prince, Leonard Cohen, George Michael og no seinast Carrie Fisher.

Men alt ser ikkje svart ut.

Dei største forureinarane har skrive under på Paris-avtalen, og det kan sjå ut til at klimautsleppa i Kina har nådd toppen. Verdas fattigdom er halvert dei siste femten åra, påpeika Verdens beste nyheter tidlegare i år.

Me i Framtida.no-redaksjonen har plukka ut nokre historier som har gjort ekstra inntrykk på oss i året som har gått:

Svein Olav Langåker:


Nizamuddin, Abdullah, Mahmoud, Ahmad Amini og Enyat ler godt av Youtube-videoen med Nordstoga-klassikaren «Kveldssong for deg og meg».

Ungdommane på mottaket

Noreg opplevde ein stor auke i talet på mindreårige asylsøkjarar hausten 2015 og vinteren for eit år sidan. Midt i desember var det kring 1600 mindreårige asylsøkjarar igjen på norske mottak. Eg møtte nokon av dei no først i vår. Då var eg med då ungdommane på mottaket høyrte musikk på nynorsk for første gongen.

Grisen står og hyler
            i den stille kveld
            Han skal ikkje slaktast
            men hyler likevel.

Gutane ligg langflate i latter. Dei kan nesten ikkje tru det dei ser og høyrer. Dei er ein herleg gjeng.

Det er ikkje så stor forskjell på musikk frå Noreg og Afghanistan, forklarar dei.

– Alt er musikk, seier Nizamuddin (15).

Musikken i Afghanistan handlar ofte om det same som i Noreg: kjærleik, jenter og kjærastar og mange andre ting.

I desember møtte eg nokon av dei att, då hadde dei nettopp dokumentert kvardagen sin med kvar sitt eingongskamera. Sjå bildeserie her!

 

Andrea Nøttveit:


Guidane Åsmund Gaukstad og Bjørn Ola Sveen Volden viser publikum konsekvensane av klimaendringane i Jotunheimen nasjonalpark. Foto: Andrea Nøttveit

«Bli med inn i Noregs eldste is – før det er for seint»

Klimaendringane står like høgt på dagsorden i dag som då eg fekk dekkje klimatoppmøtet i Paris for Framtida for eit drygt år sidan.

Problemet med klimaendringar er at det verkar så fjernt. Difor gjorde det inntrykk å sjå kva som skjer i Jotunheimen. I Klimaparken i Lom kommune fekk eg vere med på ein Bjørn Ola Sveen Volden og Åsmund Gaukstad inn i Noregs eldste is – og sjå med eigne auke merka som viste kor mykje han har krympa dei siste åra. Det var ikkje lite!

 


Uavhengigheitsflagget er fast innslag i Barcelona sine gater, men 11. september tek det heilt av. Foto: Andrea Nøttveit

– Visste ikkje at eg var spansk før eg var ni år

11. september i år, på Catalonia-dagen, var eg i Barcelona, regionhovudstaden i den spanske regionen. På avstand har eg vore fascinert over frigjeringsrørslene i både Skottland og Spania, men eg var ikkje førebudd på kor stor denne rørsla var og kor lite spanske dei katalanske ungdomane Ernest, Marc og Aina kjenner seg.

Det er mykje som rører seg og eg er spent på utviklinga i Catalonia framover! Og kven veit, kanskje det dukkar opp ei liknande rørsle på Vestlandet? 😉

 

Åsmund H. Eikenes:


– I framtida treng vi ikkje fysiske nøklar eller lommebok, spår 24 år gamle Torjus Bjørgo Nilsen om utviklinga innan biohacking. Foto: Privat

Kyborg-Torjus

Medisinstudent Torjus Bjørgo Nilsen var ein av dei første i Noreg til å implantere ein chip i handa. Eg intervjua han via FaceTime medan han var på ferie i Buenos Aires.

Han er ein kul fyr, og samtalen vår inspirerte meg til å seriøst vurdere å få meg min eigen chip i handa. Kanskje ein gong i 2017.

 


Isak (Tarjei Sandvik Moe) og Sana (Iman Meskini) frå episoden sendt 26.oktober 2016. Skjermdump frå NRK.

Skam-Sana

Isak kunne ikkje svare på Sana sine spørsmål om evolusjon og homofili. Men det kunne forskarane. Eg hadde ein plan om å faktasjekke sesong 3 av Skam (kva skal ein ellers nytte ein PhD i cellebiologi til), og då Sana og Isak diskuterte evolusjon og homofili utan å kome til truverdige konklusjonar, kasta eg meg rundt.

To engasjerte forskarar, Dag Øistein Endsjø og Petter Bøckmann, kom med gode og tydelege svar: Alt er LOVE.

 

Runar B. Mæland:


Kent har alltid dyrka eit alvorleg image, og det finst visstnok ingen offisielle bilete der bandet smiler. Foto: Peter Gehrke/Kent

Kent 1990-2016: Ikkje som dei andre

Ein tur langt nord i Sverige blei eit høgdepunkt for meg i 2016. I ein ishockeyhall i Luleå såg eg konsert med Kent, som i haust har hatt sin avskjedsturné. Turen inspirerte meg til å skriva ein fyldig og for min eigen del litt eksperimentell artikkel om bandet, der eg mellom anna gjekk gjennom aktuell Kent-forsking og intervjua forfattar Linn Strømsborg (som har fletta bandet og tekstuniverset deira inn i dei siste romanane sine).

Resultatet blei ein slags nekrolog som vonleg fangar litt av kva som er greia med dette store, vesle svenske bandet.

 


Sebastian (til høgre) og Tomas synest mest av alt berre det er morosamt å få senda måleinstrumentet dei utviklar til månen (prototype på bordet).

Dei skal måla elektriske felt på månen

På veg mot Luleå stoppa eg innom vakre Umeå. Der, i ein kjellar under fysikkbygget ved universitetet, møtte eg Sebastian og Tomas – to entusiastiske romnerdar, om lag på min eigen alder, som neste år skal senda eit måleinstrument dei sjølve har utvikla til månen.

Møtet på lab-en blei både spennande og morosamt, ikkje minst fordi Sebastian og Tomas viste seg å vera to svært lite sjølvhøgtidlege typar, som drog norskevitsar og mest av alt berre ville «ha kul». For min eigen del blei saka også ei øving i å forstå og formidla eit stoff eg eigentleg har veldig lite greie på…

 

Sjekk også redaksjonens beste serietips!