Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 15.05.2018 10:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mor og far min er begge døde, fortel Mahdi Yousefnijad (16).

I gågata midt i Leirvik sentrum på Stort heng det 32 bilde. Det eine er eit bilde Mahdi sjølv har teke av sine eigne notat.

«Når eg er sint, trist og lei av å vera åleine, når eg tenkjer på mamma og pappa, hjelper det meg å skriva det eg føler. Når det er kveld og eg skal sova drøymer eg at mamma seier til meg «Mahdi Mahdi», og når eg vaknar ser eg ingen på rommet mitt. Då sit eg i senga og grin.»

Han har to brør, ein på 20 år som bur i Bergen og ein bror på tolv år som er igjen i Afghanistan.

Trivst godt på Stord

Mahdi og kameraten Amar Sharefi (17) sit i stova på ei av brakkene på Litlabø Mottak og fortel om det nye livet på Stord. Dei er to av vel 1600 einslege mindreårige asylsøkjarar på asylmottak i Noreg.

– Det er veldig fint på Stord. Folk er veldig snille, seier Amar.

– Håkon Frode (mottaksleiaren) og dei andre som jobbar her er veldig snille, legg Mahdi til.

Amar har budd eitt år på mottaket på Litlabø, medan Madhi har budd her 10 månader.

I haust fekk ungdommane på mottaket utdelt kvart sitt fotoapparat frå den erfarne fotografen Øyvind Hjelmen. Han har kursa dei i å ta bilde og hjelpt dei med å velja ut bilda.

– Det har vore kjekt å vera med på å ta bilde til utstillinga. Eg tok bilde då sola var veldig fin, seier Amar.

LES OGSÅ: Vil visa kjekk kvardag i Kabul

Må flytta

Amar blir 18 år rett etter nyttår. Då må han flytta til eit asylmottak for vaksne.

– Eg veit ikkje kvar eg må flytta. Eg håpar eg kan bli igjen på Stord, på mottaket på Heiane. Me lærer nynorsk her – og eg kan ikkje bokmål, slik dei bruker i Bergen, seier han.

Begge gutane trener fotball. Amar er på juniorlaget til Solid, medan Mahdi speler på 16-årslaget til Stord.

Amar går på vaksenopplæringa, og Mahdi går på vidaregåande. Heime i Afghanistan kan dei ikkje gå på skule, på grunn av krigen.

Framtidsdraumar

Kva er håpet deira for framtida?

– Eg vil bli politi. I Afghanistan kunne eg ikkje bli det, fordi eg ikkje fekk gå på skule der, seier Amar.

Mahdi har fleire års arbeidserfaring frå Iran.

– Eg arbeidde som sveisar og sykkelreparatør i Teheran frå eg var 12 år. Eg vil fiksa på hus, bli snekkar eller røyrleggar, seier Mahdi.

– Det er veldig vanskeleg å vera i Iran for oss som kjem frå Afghanistan. Me får ikkje pass til å reisa dit, fortel Amar.

Mora hans bur framleis i Afghanistan saman med to av brørne hans. Faren hans veit han ikkje noko om.

Første juleferie

Ungdommane på mottaket på Litlabø har ikkje så mange planar for jula.

– Kanskje dreg me til Bergen eller Haugesund, seier Amar.

– Eg skal til bror min i Bergen, seier Mahdi.

Men på julaftan får ingen av ungdommane permisjon frå mottaket. Då er det felles julefeiring for alle, fortel mottaksleiar Håkon Frode Særsten.

– Me byrjar med julegraut. Me får besøk av presten som fortel nokre historier, og seinare blir det pinnakjøt, juletregang og julegåver til alle, seier han.

Har du fått med deg kva som skjedde då ungdommane på mottaket fekk høyra nynorske songar for første gong? Les Grisen står og hyler på mottaket!

Bilde (t.h.): Samiul-haq Safi: – Eg tar bilde når ingen ander ser (eg snikfotograferer).

Abbas Ali Zahidi: – Dette er mens Anne fiksar håret mitt. Eg var etter Ali Reza Z.

Abdullrahman Tarakhel: – Den finaste guten på mottaket, er meg.

Ahmad Alabdallah: – Eg tok dette biletet i klasserommet. Dette er klassekameraten min.

Ali Choobindari: – Dette er venene mine.

Ali Reza Zahedi: – Eg har tatt bilete av min beste ven når han hadde skateboard, og var veldig glad.

Alireza Faizi: – Eg likar å slappa av ved vatnet.

Aman Ullah Khan: – Eg dusja og tok biletet mitt.

Amar Sharefi: – Fordi Hamid var sint.

Amjad Khan: – Eg har vore med venene mine. Du får gode vener på asylmottak.

Atta Ahmadi: – God morgon frå rommet mitt!

Deedar Khan Niazeh: – Kven er mest menneske av desse?

Hussain Sharifi: – Om nokon vil bli rik, då må han prøva mykje og ikkje sova så mykje.

Imal Hussainkhel: – Eg får plass til eit lite liv på mitt vesle rom.

Israr Abdulhaqim: – Dette er bilde av Aman. Han har treningskle på seg og boksehanskar. Han lærer seg boksing. Eg tok bilete av han på ei trening

Jaaved Mangal: – I dag er det sol, så me er ute.

Mohammad Hani Zakkour: – Mange frå Syria hadde dårlegare båt enn båten på Litlabø.

Nasratullah Jabarkhil: – Eg har ikkje sett dette før i Afghanistan.

Nizamuddin Terakhel: – Dette er rommet mitt. Israr seier at eg må ta bilete på senga mi.

Rafiullah Shinwari: – Dette er min morosame ven som eg saknar veldig.

Saifullah Momand: – Samiul er bestevenen min. Kvar dag går me på Kiwi og kosar oss. No har eg fått beskjed frå mottaket at Samiul skal reisa og han skal forlata meg for alltid. Eg var kjempetrist, så då tok eg dette biletet.

Talibshah Mohammadi: – Me går på mørketur til kraftstasjonen og motocrossbanen. Det er ikkje farleg i Noreg.

Zahid Amiri: – Eg har vore på trening, og eg var veldig trøytt.

Zarif-Khan Noorzai: – Eg sakna familien min, og var veldig trist.