Heimevernet førebur seg på å kutta 7.000 soldatar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Heimevernet skal kutta 7.000 soldatar

Heimevernet førebur eit kutt frå 42.000 til 35.000 soldatar i områdestrukturen. Dette skjer parallelt med at den einaste militærbasen i landsdelen, Kjevik utanfor Kristiansand, er vedteken nedlagt.

Agder-fylka og Rogaland, ligg an til å få over 40 prosent av HV-kutta, skriv Klassekampen. No fryktar lokale heimevernsleiarar at Agder-fylka blir ribba for siste rest av militær nærvær.

– Dette får enorme konsekvensar, spesielt på Sørlandet, som i praksis blir liggjande ope utan slik beredskap verken i fred, krise eller krig, seier Knut Aall, områdesjef for Holt heimevernsområde, som omfattar kommunane Tvedestrand, Risør, Gjerstad og Vegårshei i Aust-Agder. Områdesjefen peikar på at Heimevernet også løyser viktige oppgåver i fredstid

– Det betyr at befolkninga i Agder ikkje kan venta å få hjelp frå Heimevernet til leiteaksjonar om eit barn blir borte. Det betyr også at vi ikkje har den same beredskapen til å sløkkja skogbrannar som før.

– Alle hugsar brannen i Froland – då var det stort sett Heimevernet som bidrog til volum i mannskapa til sløkking, seier Aall. Skogbrannen i 2008 var den største i Noreg sidan den andre verdskrigen.