Feber og hoste trugar jule- og nyttårsfeiringa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Influensa trugar jula

Sør-Noreg ligg førebels øvst på statistikken, og Oslo, Akershus og Vestfold har flest personar med feber, muskelsmerte, hovudverk og rennande nase.

LES OGSÅ: Google avslører epidemiar tidlegare 

Tidleg utbrot
– Talet på influensatilfelle er no allereie på nivå med toppen vi hadde i fjor, og er høgare enn vanleg for årstida, heiter det på nettsidene til FHI.

Det er uvanleg med så mange tilfelle allereie i desember, men no ventar altså FHI ein topp rundt den kommande høgtida.

Så langt i haust har 3.000 nordmenn fått påvist influensa. Berre den siste veka blei 185 personar innlagt på sjukehus med influensa, viser oversikta for veke 50.

På landsbasis er influensaaktiviteten framleis låg, ifølgje FHI.

LES OGSÅ: Forskarar åtvarar friske mot influensavaksine 

Eldre og småbarn
Det er flest eldre som blir lagt inn på sjukehus. Deretter følgjer små barn i alderen 0–4 år.

Dei fleste får påvist influensa A (H3N2). Det er også denne influensatypen som så langt pregar sesongen 2016/17. Elles i verda er det også influensa A (H3N2)-virus som dominerer.

FHI minner om at det ikkje er for seint å vaksinera seg, men strekar under at det tek cirka to veker frå vaksinen blir sett til han vernar mot smitte. Difor hastar det no, lyder tilrådinga.