Klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H) gir ikkje løyve til å skyte fire ulveflokkar i Hedmark.

NPK-NTB
NPK-NTB
Faktaboks

Vinteren 2015-2016 blei det registrert 65-68 ulvar som berre heldt til innanfor Noregs grenser. I tillegg blei det registrert minst 25 ulvar som lever i grenserevir på begge sider av riksgrensa mot Sverige.
Kjelde: Rovdata.no

LES FAKTALUKK FAKTA

– Lovavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet har konkludert med at det ikkje er heimel for felling i dei fire aktuelle revira, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H) til NTB tysdag.

Departementet har derfor bestemt at det ikkje kan opnast for felling i dei fire ulverevira. Lisenskvoten blir dermed kutta frå 47 til dei 15 ulvane det allereie er løyve til å felle og gjeld enkeltulvar utanfor ulvesona.

BAKGRUNN: 47 norske ulv skal skytast: – Ei skam

– Det har vore veldig viktig for oss å få ei full juridisk vurdering av saka. Derfor vart fagvurderingar frå både Klima- og miljødepartementets og Landbruks- og matdepartementet oversendt lovavdelinga for vurdering, utdjupar Helgesen (bildet).

Lovavdelinga fastslår at naturmangfaldlova og Bernkonvensjonen krev at skadepotensialet må vere av eit visst omfang og alvorleg for at felling av ulv skal kunne tillatast.

LES OGSÅ: Genetisk viktig ulv skoten

Ulveflokkar og revirmarkerande par i Skandinavia 2015/2016:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.14

LES OGSÅ

ANNONSE