Regjeringa vil stramma inn på telefonsal

Forbrukarombodet støttar regjeringa i forslaget om å stramma inn reglane for telefonsal.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Strammar inn på telefonsal

Mange forbrukarar blir oppringde av telefonseljarar trass i at dei har reservert seg mot telefonsal, og folk som tek kontakt om dette toppar klagestatistikken til Forbrukarombodet.

Førebels har regjeringa lagt fram ein lovproposisjon for Stortinget med forslag om innstrammingar.

– Vi må kunne venta frå næringsdrivande at dei respekterer valet til dei som har reservert seg mot telefonsal. Derfor føreslår vi lovendringar som skal sikra at forbrukarar som har reservert seg, i størst mogleg grad skal sleppa denne salsforma, seier forbrukarminister Solveig Horne (Frp).

At næringsdrivande ikkje skal kunna driva telefonsal overfor eigne kundar som har reservert seg, er eitt av tiltaka. Det skal heller ikkje kunna hentast inn samtykke på vegner av fleire næringsdrivande. Det er også eit krav at telefonnummer som brukast til telefonsal, skal vera søkbare i nummeropplysingstenesta.

For frivillige organisasjonar blir dei noverande reglane haldne oppe, men dei vil ikkje kunna senda førespurnad om støtte som ser ut som eit krav om betaling.

Forbrukarrådet er nøgd med dei nye reglane.

– Forbrukarane blir med dette sikra med eit meir effektivt vern mot uønskte salsførespurnader, seier forbrukarombod Elisabeth Lier Haugseth.

– Endringane vil sikra at det er reservasjonane til forbrukarane som blir respektert, og at telefonsal berre skjer til dei som faktisk ønskjer det. Det er veldig viktig, seier ho.

LES OGSÅ: Ingen prisar i matvare-app: Regjeringa sa nei