Vil forby pengebruk i spel

Forbrukarrådet vil forby virtuell valuta som må kjøpast for ekte pengar i spel.

Ragnhild Marie Kjosbakken
Publisert

Denne saka vart fyrst publisert i systeravisa vår, Framtida junior.

Forbrukarrådet meiner at virtuell valuta som må kjøpast for ekte pengar i spel, går negativt utover dei som bruker spelet.

Virtuell valuta er ein type valuta eller pengar som eksisterer innanfor ei spelverd. Døme på virtuell valuta er mellom anna V-bucks i Fortnite og Mine-coin i Minecraft.

Selskapa som eig spela, tener mykje på at brukarane kan kjøpe virtuell valuta for ekte pengar. Samtidig kan brukarane lett mista kontroll over kor mykje ekte pengar dei faktisk bruker.

Forbrukarrådet meiner òg at spelarar av spel der virtuell valuta må kjøpast med ekte pengar, ofte blir manipulert. Å manipulere betyr å påverka nokon i ei bestemt retning på ein skjult måte.