Her får du svara på det me spurte Google om i 2016.

I dag lanserte Google listene over mest søkte ord gjennom året som har gått. I Noreg toppar YouTube, Facebook, VG, Google og Finn.

Både i Danmark og på verdsbasis toppar Pokémon Go. I tillegg er «Skam» det femte mest søkte ordet i Danmark.

Når me ser på spørsmåla me nordmenn stiller vert det litt meir interessant.

Her kjem dei enkle svara på det me lurte på i 2016:

1. Kva betyr jovial?

Ifølgje nynorskordboka betyr det godsleg, gemyttleg, triveleg.

2. Kva betyr bae?

Slang for baby eller before anyone else. Brukt om kjærasten din, om du er så heldig å ha ein.

3. Kva betyr emojiane?

Det blir litt mykje å gå igjennom her. Emojipedia kan gje deg svaret!

4. Kva betyr lol?

Kort for laughing out loud. 

5. Kva betyr dm?

Kort for direct message (i Messenger).

6. Kva betyr sushi?

Sur smak, ifølgje Store Norske Leksikon.

7. Kva betyr gm?

Kort for group message (i Messenger). Kan òg vere kort for guten min.

8. Kva betyr Volvo?

Volvo kjem frå latin og betyr eg rullar. Ganske kult!

9. Kva betyr pm og am?

Dette er forkortingar frå latin, som engelsktalande brukar for å fortelje kva ei 12-timarsklokke er. Am (ante meridiem) føremiddag (før 12.00). Pm (post meridiem) ettermiddag (etter 12.00).

10. Kva betyr Brexit?

Konsekvensane av Brexit er det ingen som har oversikt over. Det vart årets ord i Storbritannia og var på topplista til å bli årets nyord i Noreg. Brexit er kort for British exit, som viser til at folket i Storbritannia stemte for å gå ut av EU.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.14

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE