Meir utslepp frå olje- og gassutvinning og industri har vore med på å auke det norske klimagassutsleppet med drygt 1 prosent i 2015.

NPK-NTB
NPK-NTB

I 2015 blei det sleppt ut totalt 53,9 millionar tonn klimagassar frå norsk territorium, ifølgje nye SSB-tal. Det er drygt 0,6 millionar tonn meir enn året før. Sidan 1990 har utsleppa auka med 4,2 prosent.

CO2-utslepp frå olje- og gassutvinning har auka med 2,5 prosent mellom 2014 og 2015. Blant anna har auka produksjon ført til auka forbruk av naturgass.

Også innan industri- og bergverk har utsleppa auka med 2,5 prosent i same periode. Særleg oljeraffinering og produksjon av kunstgjødsel bidrog til å auke utsleppa i næringa. Fleire sauer og meir kunstgjødsel har også vore med på å auke utslepp av metan og lystgass frå jordbruk.

Utsleppa frå vegtrafikk var noko større i 2015 enn i 2014. Dei siste åra har utsleppa lege på rundt 10 millionar tonn, noko som er omtrent 30 prosent meir enn i 1990.

Oppdatert: måndag 5. juni 2017 16.00

LES OGSÅ

ANNONSE