Det høgste dyret i verda, sjiraffen, er utsett overfor ei «stille utrydding», fryktar forskarar. På 30 år er bestanden redusert med 40 prosent.

(NPK-NTB-AP):
(NPK-NTB-AP):

Forskarar har no ført opp sjiraffen på ei global raudliste og klassifisert den som sårbar. Det er to trinn høgare opp på «utryddingsstigen» om ein samanliknar med dei artane det er minst bekymring for.

I 1985 var det mellom 151.000 og 163.000 sjiraffar i verda, mens talet i fjor var nede i 97.562, ifølgje naturvernunionen i verda (IUCN). På eit møte i Mexico onsdag skjerpa unionen statusen til 35 arter, mens sju artar på raudlista fekk redusert statusen som sårbar. Sjiraffen var det einaste pattedyret som fekk endra status.

– Alle går ut frå at sjiraffar er overalt, seier Julian Fennessy, som leier ei stiftinga for å ta vare på sjiraffen. Saman med ein av biologane som plasserte dyret på raudlista, Noelle Kumpel, seier han at arten er utsett for ei «stille utrydding».

– Det er ein sterkt tendens til å tro at kjente arter – som sjiraffar, sjimpansar og liknande – må vere trygge, fordi vi kjenner dei og vi ser dei i dyrehagar. Det er ei farleg haldning, seier biolog Stuart Pimm ved Duke University i USA.

Hittil har ikkje forskarane vore flinke nok til å anslå talet på sjiraffar og der dei finst. I staden for å telje dei som ni ulike underarter, er dei blitt slått saman i éin sekkekategori. Fennessy seier krympande leveområde er den største trusselen for sjiraffen, i tillegg til sjukdom og tjuvjakt.

På same måte som sjiraffane har talet på elefantar i Afrika gått kraftig ned dei siste åra. På berre ti år er bestanden minka med heile 20 prosent.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.13

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE