Frp-politikar vil krevja skulegudsteneste

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frp-politikar vil ha skulegudsteneste

 Saka var først publisert i Møre-Nytt.

– I ei tid prega av materialisme er det lett ironisk at det oppfattast som kontroversielt å ta imot ein bodskap om fred på vår jord.

Dette skriv Anbjørn Steinholm Frislid i Ørsta Framstegsparti i ein interpellasjon til Ørsta-ordførar Stein Aam.

Frislid meiner at aktiv påmelding til gudstenester i skulen er ein praksis som kan bidra til å forvitre og framandgjere elevane frå dei religiøse tradisjonane som har forma samfunnet. Han foreslår at kommunestyret skal be rådmannen om å pålegge skulane å gjennomføre julegudstenester, og gudstenester i andre høgtider der det er formålstenleg.

– Skulen og kyrkja har ei lang historie saman. Allereie på 1700-talet gjekk kyrkja i front og sørgja for at elevane fekk opplæring i lesing og skriving slik at dei kunne stå til konfirmasjon. Vår kristne kulturarv har bidrege til at samfunnet har kome fram til det moderne samfunnet der utdanning er ein av dei verdiane som vi held aller høgst. I eit samfunn som vert stadig meir sekulært er opplæring i kristendom viktig, skriv Frislid.

Ei undersøking frå 2014 syner at to av tre under 30 år er negative til skuletenester.

KrF-leiar Knut Arild Hareide har på si side etterlyst ei avklaring frå regjeringa, som er splitta i synet på skulegudstenester.

Frislid held fram at kristendomen har påverka språket vårt, gjennom daglegdagse omgrep, ordtak og uttrykk.

– Kristendomen har forma tradisjonane våre som bringar samfunnet vårt saman, som julefeiring, dåp, gravlegging, påske og konfirmasjonar. Kyrkja si omsorg for fattige og utstøytte bidrog til å skape handlingsrom for den moderne velferdsstaten.

Det er læreplanfesta at elevane skal ha kjennskap til, og oppleving av religiøse tradisjonar og seremoniar. Frislid meiner det også vil vere nyttig for mange å få nyansert mediebildet som eksisterer rundt kristendomen, der karismatiske predikantar ofte får større merksemd enn dei meir «trauste» biskopane og prestane i Den norske kyrkja.

– Difor er det underleg at ei rekke skular rundt om i landet har konkludert med at det prinsipielt er problematisk at elevar deltek på gudstenester i skuletida. Kunnskap til vår felles historie som nasjon er viktig. Det er også kunnskap om det nye Noreg. Vi vil at elevane skal få moglegheit til å møte det religiøse der det går føre seg. I alle skulefag vert det snakka om praktisk opplæring. I religionsfaget derimot verkar det som at undervisninga må verte gjort så teoretisk og kjedeleg som mogleg for å unngå å støyte nokon. Dei elevane som av prinsipielle årsaker ikkje ønskjer å delta, skal sjølvsagt sleppe det. Som hovudregel derimot, bør elevande delta på gudstenester.

Les intervjuet med Anbjørn Steinholm Frislid, som har Hagen som politisk førebilete!