Då Mats Kristiansen (26) og Nicolay Hagen (25) kom ut i praksis tykte dei det var vanskeleg å finna idear til aktivitetar. Det vart starten på ei lita bedrift.

mm

– Det byrja då me skulle ut i praksisperioden under utdanninga. Me tykte det var litt vanskeleg å skulle finna på ting å gjera og følte oss litt åleine, forklarar barnehagelærar Nicolay Hagen.

Saman med studiekameraten Mats Kristiansen byrja han å tenkja på å laga ein fagleg aktivitetsbank som kunne gjera kvardagen og kunnskapsutvekslinga lettare for barnehagelærarar landet over.

Det vart starten på selskapet Undringsfabrikken AS som i november lanserte nettsida barnehageaktiviteter.no, ein ressursbank med pedagogiske aktivitetar til bruk i norske barnehagar.

Felles dokumentasjon
Aktivitetane er forklart med forankring i rammeplanen, noko som skal korta ned planleggingstida for den enkelte pedagog.

I tillegg vert brukarane oppmoda til å dela sin idé.

– Mange pedagogar gjer mykje sjølv, men det er lite felles dokumentasjon. Me ynskjer å få fram den kunnskapen som er der, forklarar Kristiansen.

Han ser ei auke i krava til rapportering og kartlegging. Håpet er at verktyet deira kan minke arbeidsbyrda på den enkelte, med at ein kan tilpassa planane til sine lokale mål.

LES OGSÅ: Kristoffer (26) har laga leksehjelp på nett

Satsar på nettsidene
Hagen har gått ned til ei 80 prosent stilling for å få tid til å jobba med bedrifta. Kristiansen held no på med ein mastergrad i Barnehagepedagogikk og profesjonskunnskap.

Dei to gründerane vil ikkje ut med kor mange som i dag abonnerer på tenesta til 79 kroner i månaden, men ifølgje dei sjølv ser interessa ut til å vere så stor at dei ser føre seg å drive med dette på fulltid etter kvart.

– Me jobbar heile tida med å utvida og held akkurat no på med ein evalueringsplan til bruk i barnehagane, avslører Kristiansen.

LES OGSÅ: Gründer frå sofakroken

Framtidas barnehage
Dei to nyutdanna opplever at omgrep som barnehageonkel og –tante heng litt igjen, men at dette er i ferd med å endra seg.  

– Barnehagane er ein mykje sterkare samfunnsinstitusjon i dag, men statusen for faget er framleis lågare enn det burde og kunne vere, meiner Kristiansen.

Hagen meiner utviklinga i faget står i fare for å stagnere, når folk ikkje deler kunnskap og erfaringar, noko dei håpar å endra.

Dei to følgjer med på utviklinga av fagfeltet og er positive til den nye rammeplanen for barnehagar som er ute på høyring i desse dagar. Dei meiner strengare krav til dokumentasjon vil bidra til å styrke kompetansen og synleggjera det gode arbeidet som vert gjort rundt om i barnehagane.

– Kan det bli for mykje pedagogikk i barnehagen?

– Det kan bli for mykje av den formelle pedagogikken der ein tek ei undervisningstone, men det kan aldri bli for mykje av det leikne samspelet med pedagogiske vurderingar og analysar undervegs, seier Kristiansen.

Tips frå Utdanningsdirektoratet
Avdelingsdirektør i Utdanningsdirektoratet, Sidsel Sparre, kan ikkje vurdera behovet for barnehageaktiviteter.no, sidan aktivitetane ligg bak ei betalingsteneste.

– Vårt utgangspunkt er at me rår barnehagar å undersøkja kva som finnast av tilgjengelege verkty hjå seg, og at me oppmuntrar til å utveksle idear og opplegg i nettverk som barnehagane sjølv ynskjer å oppretta, uttalar ho i ein e-post til Framtida.no.

Ifølgje Sparre kan erfaringsdeling vere svært viktig i arbeidet  med å leggje til rette for eit best mogleg barnehagetilbod. Ho meiner denne utvekslinga bør vere i ei form som gjer at gode idear og opplegg vert tilgjengelig for alle.

– Vårt inntrykk er at barnehagane og pedagogane styrer dette godt sjølv, sjølv om det nok heilt sikkert kan stemma at det enkelte stader vil vere ynskjeleg  med meir erfaringsutveksling. På våre nettsider finner alle som ynskjer det gratis støtte- og rettleiingsmateriell som er laga for å gje praktisk hjelp i barnehagen, tipsar Sparre.

LES OGSÅ: Satsar på berekraftig netthandel

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.13

LES OGSÅ

ANNONSE