Ønsker islamske bustadlån i Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Muslimar som tolkar renteforbodet strengt, ender ofte på leigemarknaden.

– Dette kan hindre økonomisk integrering i Noreg fordi det å eige eigen bustad er så viktig for å byggje seg opp kapital her i landet, seier Torkel Brekke, prosjektleiar i Civita, til Vårt Land.

Brekke, som også er assisterande direktør og forskingsprofessor ved Fredsforskningsinstituttet (PRIO), er bekymra for at denne gruppa blir vist til ein leigemarknad med høge prisar og ustabile buforhold.

Etterspurd
Med støtte frå Finansmarkedsfondet har Brekke laga rapporten «Islamsk finans i Norge», gitt ut av tankesmia Civita, som konkluderer med at islamske finansprodukt er etterspurt blant muslimar i Noreg.

Finanstilsynet opplyser til Vårt Land at lovverket i dag må bli endra om utanlandske finansinstitusjonar skal få lov til å etablere seg i Noreg og tilby islamske finanstenester.

I ei spørjeundersøking i samband med rapporten svarer ni av ti muslimar som er spurt at det er ein problem at slike lån ikkje bli tilbydd i Noreg, og åtte av ti seier at dei er villige til å betale meir for rentefrie lån.

– Intervjua viser at norske muslimar er ei samansett gruppe. Mens mange er sekulære og bryr seg lite om renteforbod og andre religiøse reguleringar, er andre opptatt av å leve i samsvar med det dei meiner er påbod frå Koranen, seier Brekke.