– TV2 er eit språkleg fyrtårn

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Arill Riise får Kringkastingsprisen

– Det er stor stas og ei ære å få tildelt same prisen som nynorsk-hovdingane Herbjørn Sørebø, Hartvig Kiran og Arthur Klæbo har fått tidlegare. Utan samanlikning for øvrig, seier Arill Riise på telefon frå Bergen.

Kiran og Klæbo var prismottakarane då Kringkastingsringen første gong delte ut prisen i 1978.

Sidan den gong har Kringkastingsprisen kvart år gått til ei røyst i eteren som utmerkar seg med godt språk i radio eller fjernsyn, og som på ein framifrå måte bruker nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet.

Prisen er eit grafisk blad av kunstnaren Per Kleiva.

LES OGSÅ: – Ovleg gildt, sa Marta Norheim i NRK om å få Kringkastingsprisen i 2014

Språkleg fyrtårn
Arill Riise frå Sæbø i Ørsta har vore tilsett i TV2 sidan 2006. Dei siste seks åra har han vore fast nyheitsanker saman med Mah-Rukh Ali i hovudsendingane klokka 18.30 og 21.00.

Juryen rosar vinnaren for å syna fram nynorsken som eit godt språk til formidling av nyhende.

Dei meiner det er viktig at i ein kvardag med aukande bruk av dialektar i radio og fjernsyn  er det spesielt viktig at ein får høyre tilnærma nynorsk normaltalemål i media.

Prisvinnar Riise meiner kåra for nynorsken i media i dag er veldig gode og kallar arbeidsgjevaren TV2 eit språkleg fyrtårn i den samanhengen.

LES OGSÅ: «Rarill Krise» snakkar nynorsk i Donald Duck!


Prisvinnar Arill Riise med styreleiar i Kringkastingsringen Vegard T. Foseide under tildelinga i Bergen. Foto: Anne Svanaug Straume

– Må tilpassa seg tida
– Då eg byrja i NRK i 1983 var det berre ein radiokanal og ein tv-kanal. Austlendingane hadde nokre svenskekanalar, men ikkje me andre. Folk var ikkje van med anna enn normert bokmål og nynorsk. I dag er den språklege flora mykje rikare og mykje rausare, meiner Riise.

Sjølv er han oppteken av å bruka eit språk som er munnleg og moderne, slik at sjåarane forstår.

– Du får ikkje i-endingar frå meg. Det er enkelte fundamentalistar i nynorskrørsla som meiner at språket skal vera konservativt. Eg meiner at nynorsken må tilpassa seg tida. Det treng ikkje bety at me tek inn bokmålsord, men at me lagar nyord og ikkje let oss overmanna av engelsken.

LES OGSÅ: – Eg elskar nynorsk, seier TV2-kjendis Alex Rosén

I tvil om det er riktig å bruka tvang
Juryen understrekar at det er viktig at dei kommersielle allmennkringkastarane òg nyttar båe dei offisielle målformane i landet.

Burde regjeringa stilla krav til nynorskdel hjå allmenne kringkastarar som TV2 på same måte som NRK?

– Ein må sjå på resultata. Sjølv om TV2 ikkje har dette kravet har dei meir nynorsk i sendingane sine enn Dagsrevyen. To av tre hovudanker snakkar normert nynorsk. TV2 har ei språkleg rausheit som gjev eit større mangfald i dialektar. Eg er litt i tvil om det er riktig å bruka tvang, sjølv om det kanskje fungerer i NRK, svarar Riise.

Han meiner TV2 sitt sterke språkmangfald har samanheng med at dei har hovudsete i Bergen, men vil ikkje kommentera språket i den planlagde Vestlandsregionen.

– Eg jobbar for nynorsk i media, men språkpolitisk vil eg liggje lågt.

LES OGSÅ: Sterkt press for nynorsk i Vestlandsregionen

Faktaboks

Tidlegare vinnarar av Kringkastingsprisen:

2015 NRK Super

2014 Marta Norheim

2013 Ingunn Solheim

2012 Knut Magnus Berge

2011 Morten Sandøy

2010 John Skien

2009 Yasmin Syed

2008 Trude Teige

2007 Ingerid Stenvold

2006 Harald Bøe

2005 Are Kalvø

2004 Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

2003 Arne Hjeltnes

2002 Gry Molvær

2001 Egil Johan Ree

2000 Siri Lill Mannes

1999 Ingolf Håkon Teigene

1998 Ingvild Bryn

1997 Bjørn Bø

1996 Astrid Versto

1995 Kari Sørbø

1994 Ragnhild Sælthun Fjørtoft

1993 Oddgeir Bruaset

1992 Astrid Brekken

1991 Martin Lohne

1990 Per Riste

1989 Nils Gunnar Lie

1988 Sigvart Østrem

1987 Gunvor Hals

1986 Ingrid Espelid Hovig

1985 Svanhild Mundheim

1984 Steinar Brauteset

1983 Andreas Lunnan og Gustav Moberg

1982 Herbjørn Sørebø

1981 Olga Meyer

1980 Rolf Myklebust

1979 Henning Rivedal

1978 Hartvig Kiran og Arthur Klæbo