TV-kanalane serverer tradisjonen tru eit sendeskjema smekkfullt av krimgåter til påska.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Er du ein av dei som må ha litt mord og mysterium for å få påskekjensla? I diverse strøymetenester kan du finne mange krimgodbitar, og som vanleg satsar dei store norske TV-aktørane på krimseriar som påskeunderhaldning.

Påskekrim er eit ganske særnorsk fenomen, så her er ei oversikt over seriane du kan sjå på NRK, TV 2 og Viaplay i år:

NRK

Vi startar med påskeprogrammet til NRK. Dei plar vere dei som satsar mest på krimseriar i påska, og i år er ikkje noko unntak. Statskanalen gir deg både gode, gamle kjenningar og nye detektivar på TV og i nettspelaren.

«I famnen til ein mordar»

Timothy Spall speler Peter Farquhar i serien «I famnen til ein mordar». Foto: BBC/Wild Mercury/Amanda Searle

Denne britiske krimmen er basert på ei sann historie frå 2017. Peter Farquar og Anne Moore-Martin vart begge drepne av forgifting, og døydde med to års mellomrom. Det er ei av dei mest komplekse sakene i nyare britisk historie.

  • NRK1: Frå laurdag 23. mars kl. 21.30
  • NRK TV: Frå 22. mars.
  • Episodar: 4
  • Episodelengd: ca. éin time

«Shetland»

NRK tar oss med tilbake til Shetland også denne påska, men denne gongen er det nye hovudroller. Foto: ITV/BBC

Dei siste åra har NRK vist krim frå Shetland i påska. Det har tydelegvis vore ein suksess, for dei held fram med det også i år. Men no er det komen ein ny detektiv som skal løyse gåter i den populære serien. Ruth Calder vender heim til Shetland etter fleire år vekke, på grunn av eit sårbart vitne til eit gjengdrap. Saman med DI «Tosh» McIntosh, som vi kjenner frå tidlegare sesongar, skal dei løyse saka.

  • NRK1: Frå måndag 25. mars ca. 21.10
  • NRK TV: Frå 22. mars.
  • Episodar: 6
  • Episodelengd: ca. éin time

«Vera»

I påska kan du sjå sesong 13 av «Vera». Foto: NRK

Ein annan påskefavoritt som vender tilbake hos NRK, er etterforskaren Vera. Også ho får seg ein ny makkar denne sesongen. Det vil seie, Joe Ashworth som var med i sesong 5 kjem tilbake etter å ha jobba i London, og NRK kan avsløre at samarbeidet ikkje blir friksjonsfritt.

  • NRK1: Frå måndag 25. mars ca. 21.10
  • NRK TV: Frå 22. mars.
  • Episodar: 3
  • Episodelengd: 1 time og 30 minutt

«Blue Lights»

NRK syner ein krim frå Belfast i påska. Foto: BBC/Gallagher Films/Two Cities Television/Steffan Hill

Denne politiserien finn stad i Belfast i Nord-Irland. Vi følgjer tre ferske politibetjentar og kvardagen som møter dei i den nye jobben. Serien skildrar politilivet frå innsida, men teiknar òg eit portrett av dagens Belfast, skriv NRK om serien.

  • NRK1: Frå måndag 1. april ca. kl. 21.10
  • NRK TV: frå 22. mars
  • Episodar: 6
  • Episodelengd: ca. éin time

«Påskekrimlekene»

Ette suksessen med «24-stjerners julekalender» freistar Markus Neby og NRK seg på påske-reality. Foto: Magga og Anders

Dette er ikkje ein påskekrim i tradisjonell forstand, men vi må nesten ta med at Markus Neby har samla eit knippe kjendisar i programmet «Påskekrimlekene». Her skal deltakarane konkurrere i å meistre den tradisjonelle påska, og dei som gjer det dårlegast, blir «drepne». Publikum kan gjette på kven som er mordaren, som blir avslørt på påskeaftan.

  • NRK TV og NRK1: Premiere 23.mars
  • Episodar: 8
  • Episodelengd: mellom 20 og 31 minutt

TV 2

TV 2 tar opp krimkonkurransen med statskanalen, og byr på fleire nye krimseriar i påska.

«Agatha Christie: Mord er ingen sak»

I «Agatha Christie: Mord er ingen sak» møter Luke Fitzwilliam den eldre Miss Pinkerton, som fortel om eit mistenkelig mord. Foto: TV 2

Kva seier vel påskekrim meir enn eit Agatha Christie-mysterium? Denne serien er basert på Christies bok med same namn, og følgjer Luke Fitzwilliam som kjem til England frå Nigeria på 1950-talet. På toget til London møter han den eldre kvinna Miss Pinkerton, og får høyre om ein mordar som er på ferde i landsbyen Wychwood-Under-Ashe. Miss Pinkerton mistenker at dei mange dødsfalla som har vore i landsbyen ikkje er ulukker, og då ho sjølv blir angripen, må Fitzwilliam finne mordaren før det er for seint.

  • TV 2 Direkte: torsdag 28. og fredag 29. mars kl. 21.40
  • TV 2 Play: Frå 22. mars.
  • Episodar: 2
  • Episodelengd: 60 minutt

«The Marlow Murder Club»

Den pensjonerte arkeologen Judith Potts, hundepassaren Suzie og prestekona Becks jaktar på ein mordar i «The Marlow Murder Club». Foto: TV 2

I «The Marlow Murder Club» møter vi den pensjonerte arkeologen Judith Potts, som bur aleine i den fredelege byen Marlow. Under ein symjetur i elva, høyrer ho eit pistolskot frå hagen til naboen. Ho meiner det har skjedd eit brutalt drap, men det lokale politiet synest det er lite truleg. Judith startar si eiga etterforsking saman med hundepassaren Suzie og prestekona Becks. Dei avdekkjer avgjerande bevis, og får etter kvart hjelpe den lokale politietterforskaren i jakta på mordaren.

Serien er basert på ei bok av Robert Thorogood.

  • TV 2 Play: frå 25. mars
  • Episodar: 2
  • Episodelengd: 90 minutt

«Dalgliesh»

«Dalgliesh» er klassisk britisk krim. Foto: Photographer: Christopher Barr via TV 2

Dalgliesh er eit kjent namn for dei som har lese og sett mykje krim. Det er ikkje første gong etterforskaren Adam Dalgliesh frå P.D. James sine bøker blir filmatisert. Bertie Carvel har hovudrolla som Adam Dalgliesh i denne britiske serien, der handlinga strekker seg frå 1970-talet til moderne tid.

Serien har førebels to sesongar, og alle episodane tek for seg uavhengige krimsaker.

  • TV 2 Direkte: Sesong 2: måndag 25. mars – onsdag 27. mars kl. 21.40
  • TV 2 Play: Sesong 1 (6×45 min) og sesong 2 (3 x 90 min) ligg ute

Viaplay

«Wisting»

Sven Nordin i rolla som etterforskar William Wisting. Foto: Lars Olav Dybvig/Viaplay

«Wisting» er tilbake som årets påskekrim på Viaplay, melder strøymetenesta.

Sven Nordin speler etterforskaren i Jorn Lier Host sine kriminalromanar, der handlinga finn stad i Larvik. I den fjerde sesongen av «Wisting» har familien Greenwood ein tilsynelatande idyllisk sommarkveld, men morgonen etter blir ein hotelltilsett funnen drepen, og seks år gamle Clifford Greenwood er borte. Familien hans mottar krav om løysepengar og kryptiske meldingar, og Wisting mistenker at det kan ligge eit personleg motiv bak kidnappinga.

«Wisting» har premiere på Viaplay 24. mars, og alle dei fire episodane blir lagt ut samstundes.

● Les også: Kva kan du om krim?