– Eg synest det er veldig tilfredsstillande når ein kan sjå resultata veldig konkret framfor seg til slutt, seier Emilie Hansen Weydahl.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Emilie Hansen Weydahl (29) fortel at ho alltid har likt å skape noko med hendene. Ho jobbar som trebåtbyggar på Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund.

Ho byrja først på sivilingeniørstudiet i industriell design ved NTNU, men vart lei av dei tunge teorifaga. Etter eit år på folkehøgskule hadde ho lyst til å lære seg eit handverk, og byrja difor på trebåtbyggarlina ved Fosen folkehøgskole i Rissa.

– Året der var veldig inspirerande, og eg måtte berre kjøpe meg ein treseglbåt etter at året var ferdig, skriv ho på e-post til Framtida.

Weydahl fullførte sivilingeniørstudiet og byrja å sjå seg om etter jobbar, men ingen ingeniørstillingar appelerte til henne.

– Det ville blitt for mykje sitting framfor ein dataskjerm på eit kontor. Difor valde eg å dra tilbake til Fosen folkehøgskole for å ta endå eitt år med trebåtbygging. I løpet av det året vart eg meir og meir sikker på at trebåtbygging var noko eg ville halde fram med, skriv ho.

Varierte dagar

Weydahl søkte læreplass på Hardanger fartøyvernsenter våren 2020, og fekk sidan fast stilling.

Arbeidsdagen byrjar med å ta på seg arbeidstøy, før Weydahl går ut til båten ho jobbar med. Båtane kan anten ligge på sjøen eller inne i ein hall. På senteret driv dei med restaurering av gamle og ofte verna trefartøy og stålfartøy. Det kan vere fiskebåtar, ferjer, redningsskøyter eller lystbåtar.

– Arbeidet eg held på med er som regel trearbeid, alt frå store jobbar der vi bygger opp skrog, til meir finarbeid med innreiing. Det vert også ein del arbeid med overflatebehandling. Då går det i skraping, pussing, måling og lakking. Det er veldig varierte arbeidsdagar, skriv Weydahl.

Emilie Hansen Weydahl er frå Drøbak, men bur no i Hardanger. | Foto: Silje Ensby

Givande og utfordrande

Weydahl fortel at det beste med jobben er å få vere med på å bygge og skape noko.

– Eg synest det er veldig tilfredsstillande når ein kan sjå resultata veldig konkret framfor seg til slutt. Ein nyoppussa trebåt er jo så flott!

Samstundes jobbar ein ofte med båtar som er verna av Riksantikvaren. Då må restaurering skje på antikvarisk vis. Det kan bety at båtbyggarane må kopiere sjølv dårlege løysingar på ein båt.

– Det kan òg vere vanskeleg å finne ut av korleis ting har vore originalt, viss båten har vore ombygd eller viss nokon andre har gjort rivingsarbeidet. Då må vi granske gamle bilete og spor på båten, fortel ho.

Weydahl hadde forventa at yrket skulle by på endå meir fintilpassing og presisjon. Det krevst nokre gonger, men det er også mykje grovarbeid.

– Det er viktig å lære seg kor ein må vere nøye og kor ein kan jobbe raskt og grovt, fortel ho.

Ho meiner yrket passar for alle som likar å jobbe med hendene. Det er fullt mogleg å skulere seg om til å bli båtbyggar, sjølv om ein har valt eit anna yrke. Fleire av lærlingane på fartøyvernsenteret har teke ei anna utdanning først, og er difor litt eldre enn dei fleste lærlingar i andre yrke, fortel ho.

Viktig kultur

Weydahl trur mange tenker at det ikkje går an å leve av trebåtbygging, men ho understreker at det er nok av arbeid på Hardanger Fartøyvernsenter.

– Kystkulturen er utruleg viktig i Noreg, og vi har mange flytande kulturminne som må takast vare på, skriv ho.

Ein gong i blant kjem det politikarar innom senteret for å sjå kva dei held på med. Ein dag dukka Venstre-politikar og tidlegare kulturminister Abid Raja opp på verkstaden.

Foto: Silje Ensby

– Elles er det alltid spennande når ein båt skal sjøsettast. Fiskekuttaren Fremmad II har vore eit stort prosjekt dei siste åra. Då båten skulle sjøsettast, sikra vi sleppvogna med eit stort hamptau, i staden for den vanlege vaieren. Statssekretær Gunnhild Berge Stang kom og hogde over tauet med ei øks, og båten rutsja ut sleppen i god fart. Då vart det skikkeleg feiring etterpå, fortel ho.

Vil bli god handverkar

Weydahl drøymer om å bli ein god handverkar som ikkje berre kan trebåtbygging, men også andre fag. Ho ønsker å lære om alt frå tørrmuring og lafting til spinning av garn og garving av skinn.

– Eg har nettopp kjøpt eit lite småbruk saman med kjærasten min. Der drøymer eg om å bygge hønsehus, geitefjøs og drivhus. Og så drøymer eg om å bli sjølvforsynt med grønsaker, fortel ho.