Skamlaus julekalender skal knuse mytar om seksualitet

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Julekalender skal knuse sexmytar

 

– Dei fleste har erfart å snakke om eit tema i ein sosial setting, og at det plutseleg vert heilt stille. Då merkar ein at det ein har sagt er litt tabubelagt, seier Stine Nygård (25), styremedlem i det nyoppstarta Seksualpolitisk Nettverk for Ungdom (SNU).

I år lanserer dei ein skamlaus julekalender. Kvar dag frå 1.til 24. desember snakkar ein person om eit nytt tabutema. Målet er å bidra til å knuse mytar for å fjerne tabu rundt seksualitet.

Sex, slut-shaming og hiv
Ifølgje Nygård vert det stor variasjon og mange viktige tema.

Ho trekk fram Juntafil-programleiar Tuva Fellman som med enkle ord snakkar om å ha sex for første gang («ærleg talt så kjem det til å verte klønete»). Til dei andre lukene har Maria Stavang (Piateed) snakka om slut-shaming, og Andrea Voldum om valdtekt.

1.desember er verdas AIDS-dag, og i samband med dette er det Jens Tekle som er bak den første luka i kalendaren. Då Framtida.no intervjua Tekle i fjor uttalte han at «ved å vere open har eg gjort det til ein litt mindre ting».

 

I planlegginga av kampanjen har Nygård og dei andre styremedlemmane i SNU henta inspirasjon frå moderorganisasjonen Sex og Politikk sitt undervisningsmateriell «Uke 6», som tar utganspunkt i eit heilskapleg, positivt og normkritisk perspektiv på seksualitet.

LES OGSÅ: No kan du lære om sex med «Uke 6» på nynorsk og samisk!

Frivillig innsats
Prosjektet har fått økonomisk støtte frå LNU til å dekke utstyr, men alt arbeidet – frå rekruttering av deltakarar til klipping av videoar – har blitt gjort på frivillig basis. Det samme gjeld dei som har stilt opp til intervju.

– Dei som stiller opp snakkar ærleg og direkte om tema som er viktig for dei. På den måten bidreg dei til å normalisere tema som vi vanlegvis ikkje snakkar om, fortel Nygård.

Ifølgje Nygård har 2016 vore eit viktig år for samtalar om seksuell helse. Ho trekk fram dei arabiske jentene i vår, og haustens debattar om underliv, identitet, valdtekt og ikkje minst SKAM.

– Sesong 3 av SKAM er den mest spennande så langt. Dei viser korleis det er å vere skeiv i 2016, og gjer mykje for å normalisere homofil kjærleik. Eg håpar at dei framover vil ta eit endå sterkare grep rundt myter og tabu knytt til kjønnsroller. Det er eit stort behov for film og tv som utfordrar kjønnsrollene i samfunnet, seier ho.

SNU
– I år lanserer vi ein skamlaus julekalender, seier Stine Nygård i Seksualpolitisk Nettverk for Ungdom.

LES OGSÅ: Verdas viktigaste bok lærer born om sex og grensesetting

Kjensler og onani
Ifølge Nygård er det minst like mange tabu for gutar som for jenter. Ho trekk fram at sjølvmordsrata for unge gutar er dobbelt så høg som for unge jenter, og at noko av det kan skuldast tabubelagte tema som gutane ikkje klarar å snakke om.

– Gutar må bli flinkare til å snakke om korleis dei har det, seier Nygård. – Det er ofte vanskeleg for gutar å snakke om kjensler, mens for unge jenter kan det til dømes vere tabu å snakke om onani. For jenter er det også mykje skam knytta til kroppslege ting som mensen og kroppshår.

#snuomtabu
I kampanjen oppfordrar Nygård alle til å delta ved å legge ut ein selfie i sosiale medium i løpet av desember.

– Ta ein selfie der du held deg for munnen, og last den opp i lag med ein setning om kvifor du tenkjer det er viktig å snakke om tabu. Husk å bruke  #snuomtabu. Då er du med i trekninga av premiar samtidig med at du bidreg til å gjer seksualitet mindre tabubelagt, oppmodar Nygård.

LES OGSÅ: – Unge har mindre sex enn tidlegare generasjonar

Mange meiner det er ei større greie for gutar å gå ned på jenter enn omvendt. Er slikking skam?