Slikking = skam?

Mange meiner det er ei større greie for gutar å gå ned på jenter enn omvendt.

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Han gikk ned på henne.

– Hæ?

– Altså. Slikka henne, liksom.

Skepsisen osar då SKAM-jentene får høyre ryktet om at Jonas skal ha fått ein tredjeklassing til å komme. Altså – komme, komme. Jonas har nemleg gått ned på den utvalde.

Reaksjonane i NRK-serien er talande for funna i ein ny forskingsstudie frå England. I studien vart 71 britiske jenter og gutar mellom 16 til 18 år intervjua om sine erfaringar med å ha munnsex med det motsatte kjønn. Både gutane og jentene i studien vurderte det å gå ned på ei jente som ei større greie enn å gå ned på gutar.

Gi og ta
Studien tok føre seg seksuelle erfaringar blant heteroseksuelle. Forskarane fann eit kræsj i korleis deltakarane snakka om likestilling og korleis dei skildra sitt forhold til å gå ned på nokon.

LES OGSÅ: Girls: Kvinnefrigjering eller berre syting?

Sjølv om jentene og gutane i studien snakka om ein «gi-og-ta»-etikk når det gjaldt suging og slikking, skildra dei fleste det å gå ned på ei jente som større enn å gå ned på ein gut.

Eller som Vilde i SKAM seier:

– Men, Eva, du sa det ikke var noen norske gutter som…

Jentene har ambivalent forhold til å ta imot
Fleirtalet blant både jentene og gutane meinte det var meir usmakeleg for menn å gå ned på kvinner, enn for å kvinner å gå ned på menn. Fleirtalet meinte også at det var lettare for menn å ta imot enn for kvinner.

– Ein har forska mykje på vanleg samleie, men vi veit lite om unges forventingar og erfaringar med andre typar sex, seier ein av forskarane ifølgje Medical News Today.

I intervjua kom det fram at menn ofte snakka om kvinners underliv med svært negativt lada ord, og at kvinner hadde eit ambivalent forhold til å ta imot, fordi dei var klar over desse oppfatningane.

I tillegg kom det fram at unge menn i langt større grad enn unge kvinner sa rett ut at dei ikkje gjekk ned på folk om dei ikkje ville. Unge kvinner skildra i staden strategiar for å gjere det meir «smakeleg» å gå ned på nokon.

Treng fokus på kjønnsroller
Kanskje heng denne skeivheita saman med at kvinneleg seksualitet framleis er vanskeleg å snakke om, slik tabuekspert Ruth V. Fjeld meiner. Det kan i såfall tyde på at der er litt å lære av kunstnaren Sophia Wallace, som vil gjere klitoris synleg og få kvinner til å slutte å lyge om at dårleg sex er bra.

Ruth Lewis, som er ein av forskarane bak studien, meiner funna tyder på ein trong for eit tydeleg fokus på dynamikken mellom kjønna i sexundervisning.

– Sexundervisning burde dekkje langt meir enn graviditetar og seksuelt overførbare infeksjonar. Vi må også utfordre unge menneske til å tenke kritisk om korleis menn og kvinners kroppar vert snakka om i samfunnet, nyansane i samtykke og tvang, og korleis likestilling mellom kjønna i praksis vert forhandla om, seier ho ifølgje Medical News Today.

Om det er den same dynamikken som ligg bak Skam-jentenes skepsis er uvisst, men også her heime har fleire etterlyst betre sexundervisning, som handlar meir om relasjonar og mindre om kjønnssjukdommar.

LES OGSÅ: Klitoris er berre toppen av eit isfjell

Faktaboks

Studien vart gjort i England, av sosiologane Ruth Lewis og Cicely Martson frå University of Pacific og frå London School of Hygiene and Tropical Medicine. Resultata har vorte publisert i Journal of Sex Research.