Folk flest vil ikkje la 18-åringar kjøpe sprit

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stor støtte til streng alkoholpolitikk

Det kjem fram i ei undersøking Sentio Research har gjort på oppdrag frå Actis.

– Tala viser at ei oppmjuking av alkoholpolitikken slik Frp tek til orde for i sitt programforslag, ikkje har støtte i befolkninga, seier generalsekretær Mina Gerhardsen i Actis til Vårt Land.

I undersøkinga svarer 80 prosent at dei er einige i at dagens ordning med vinmonopol bør bestå. Heile 82 prosent vil behalde alkoholreklameforbodet og 87 prosent vil halde på 20-årsgrensa for å få kjøpe sprit.

Gerhardsen meiner dette viser at befolkninga har forståing for alkohol som eit samfunnsproblem og at ein ønskjer ein politikk som har ansvarlegheit som mål.

LES OGSÅ: Alkohol har ikkje positiv helseeffekt

Frps programkomité går blant anna inn for å senke aldersgrensa på kjøp av sprit til 18 år, vil oppheve ordninga med monopol på omsetning av alkoholhaldige drikkar og vil gjere alkohol billigare og meir tilgjengeleg.

Frps medlem i helse- og omsorgskomiteen, Morten Wold, meiner ein ville fått andre svar om ein hadde spurt annleis. Han strekar også under at Frp står for ein ansvarleg alkoholpolitikk og ikkje ønskjer fullstendig frislepp av alkohol i Noreg. Samstundes argumenterer for det han kallar ei logisk tilpassing av aldersgrensa for kjøp av sprit.

– I Noreg kan ein i ytste konsekvens bli sendt i krig som 18-åring, men fleirtalet meiner likevel at den same 18-åringen er for ung til å kunne kjøpe ei flaske vodka, seier Wold til Vårt Land.

LES OGSÅ: Alkohol kan føra til minst sju kreftformer