Han er den nye leksikonsjefen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Erik Bolstad er ny leksikonsjef

Saka var først publisert i Norsk Tidend.

– Eg innsåg at eg hadde byrja å tenkja på pensjon, og då har ein vore for lenge på ein stad, smiler Erik Bolstad, som etter 15 år i NRK gjekk over til stillinga kommunikasjonssjef og redaktør i Store Norske Leksikon.

Etter berre eitt år er han klar til å ta over som sjefredaktør etter Anne Marit Godal.

Yrande
I NRK har Bolstad sett tydelege spor etter seg på nett. I seks år var han ansvarleg for leiargruppa i Nye Medier-avdelinga. Han har vore ansvarleg for NRK-Nett TV, Nettradio, NRKbeta og ikkje minst er han pappaen til Yr.no.

Sistnemnde kan ein trygt seia at er eit slags hjartebarn for Bolstad, ikkje fordi han er ein vêrmann, men fordi han er det han kallar eit «statistikk- og analysemenneske».

Statistikk var nemleg det faget han hadde mest glede av då han studerte statsvitskap og medievitskap på Blindern.

Og fordi vaktsjefen i NRK ikkje ynskte seg folk med journalistutdanning, fekk Bolstad jobb med ein liten bløff:

– Eg sa at eg kunne programmera, men det kunne eg ikkje i det heile. Så skjønte eg at det var lurt å læra litt, seier Bolstad, som etter kvart vart ein slags digital ryddegut i NRK.

– Når eg har designa ting, drit eg litt i korleis det ser ut, og fokuserer på at folk forstår, seier Bolstad, som med Yr.no har fått Norsk forms pris for unge formgjevarar.

Den gongen sprang han ganske enkelt rundt på t-banen for å testa om folk forstod dei ulike symbola.

LES OGSÅ: 25 prosent nynorsk på NRK – men nrk.no heng etter

Skuleboka
Journalisten intervjua den nye redaktøren, vart ingressen: «Den største utfordringen er visstnok å nå de eldre brukerne.» Og ser du på topplistene til Store Norske Leksikon, er det ikkje vanskeleg å kopla dei til læreplanane. 

– Me er Noregs største skulebok. Mest lesne artikkel er alltid islam, hinduisme, jødedom og så vidare, forklarar Bolstad, og dreg fram ein kalender.

«Kampen om tungtvannet» gjorde tydeleg utslag i fjor. I februar og fram mot 9. april er det andre verdskrigen. Etter det kjem den kalde krigen. 17. mai er sjølvsagt. Og i dei stille sommarmånadene er det gjerne medisin som skyt i vêret. Då googlar folk mellom anna artrose, for å finna ut at det er gikt.

Ifølgje Bolstad er det ingen andre nasjonalleksikon som har klart overgangen til nett på ein så god måte som SNL. Dei få andre som framleis held koken, er gjerne statsfinansierte, stengde bak betalingsmurar, som Encyclopædia Britannica, eller står og «rotnar på rot» utan å bli oppdaterte.

Store Norske Leksikon har i dag ni redaktørar som redigerer innhald frå rundt 560 bidragsytarar. Desse er fagfolk knytt til dei ulike universiteta og høgskulane som eig SNL.

– Her har dei plutseleg ei plattform der dei slepp å laga spissa medieutspel for å få journalistar interesserte, seier Bolstad.


«Summen av menneskeleg kunnskap» blei Encyclopædia Britannica marknadsført som for 100 år sidan. Foto frå Wikipedia

Aasen på bokmål
Utfordringane framover vert ifølgje den nye redaktøren å bli betre kjent, spesielt blant den eldre garden, og å rekruttera fleire fagfolk til å gjera innhaldet endå betre.

Han har òg eit mål om å få opp nynorskdelen, som dei i dag ikkje har noko tal på.

– Me har altfor lite nynorsk no. Til og med artikkelen vår om Ivar Aasen er på bokmål, avslører Bolstad, som absolutt meiner det er på sin plass å lesa om Aasen på nynorsk.

Men sjølv om dei vil ha opp nynorskdelen, er ikkje parallellutgåver aktuelt. Då er det betre at folk må lesa nokre emne på nynorsk. Men språkguru Rolf Theil er i gang med å omsetja alle artiklar han jobbar med, noko som betyr at det er mange bra artiklar om litt obskure språk – på nynorsk.

Og apropos obskure språk: Bolstad kan hebraisk. 

Han er i tillegg ein nynorskbrukar frå Bærum, men synest ikkje det er særleg spesielt. Bolstad var ein av heile ti elevar som bytte hovudmål det året på vidaregåande. Han skuldar på kulturstolte telemarkingar i familien.

– Eg synest nynorsk er eit veldig fint demokratisk ideal. Det handlar om kvar språket kjem frå og kven det er til for. Det har ei bra historie. Og personleg tykkjer eg at eg skriv betre, fordi det er meir motstand. Ein må tenkja seg meir om i kvar setning. Det er tydelegare. Ein skriv mykje klarare og kan ikkje gøyma seg bak lange, passive konstruksjonar, der det er umogleg å skjøna kven som har gjort kva, sagt kva eller meint kva, seier Bolstad, og legg til:

– Det er ein kvalitet ved nynorsken ein ikkje tenkjer nok på. Ein seier gjerne at nynorsk er så fint i dikt, men det er òg så ufatteleg mykje betre når ein skal skriva ein rapport.


Dei tre siste utgåvene av Aschehoug og Gyldendals Store Norske Leksikon, forløparen for dagens SNL. Foto: Ebben / Wikimedia Commons / CC BY-SA

A til Å, minus matematikk
At Erik Bolstad no har hamna i ein leksikonredaksjon, er neppe tilfeldig. Han kan nemleg skryta av å ha lese nesten heile Store Norske Leksikon.

– Heilt frå A til Å, unnateke matematikk, for det skjønte eg ikkje. Og eg skjønar det framleis ikkje, men etter at eg byrja her, har eg skjønt at det ikkje har noko med meg å gjera. Det har med artiklane å gjera. Dei er grusame, ler Bolstad.

Leseprosjektet starta då han var ti år og mora kjøpte eit nytt leksikon. Kor mange helgetimar som gjekk med, hugsar han ikkje.

Redaksjonen i SNL jobbar no med korleis ein kan få kjensla av å bla seg framover på nett. Slik kjem Bolstad inn på Denis Diderot, franskmannen som fann opp leksikonet med Den store franske encyklopedien.

– Det var ganske radikalt å ordna det alfabetisk. No tenkjer me at det er slik eit leksikon er, men det er jo eit val nokon gjorde nettopp for at emne skulle hamna ved sida av kvarandre, slik at ein kunne oppdaga meir. Britannica byrja med ei overordna tematisk inndeling, men A til Å er ei ganske fin inndeling, konkluderer Bolstad.

Märtha, sex og englar
Men sine eigne bokhyller, som for tida er pakka ned i esker, har Bolstad organisert tematisk.

Størsteparten av dei kring 5000 bøkene, som etter kraftig slanking fyller ti Billy-bokhyller, er geografi. To hyller er historie, ei design og den morosamaste kategorien er «sex, Martha, englar og overnaturlege ting», som fyller seksti centimeter.

– Eg har aldri lese romanar, skjønnlitteratur synest eg er keisamt. Eg synest det er fint å ta i store, gode faktabøker. Men lesevanane mine har endra seg dramatisk, eg merkar at eg les mindre og mindre på papir.

Les også intervjuet med Frankenstein-omsetjar Øystein Vidnes: – Olja er dagens Frankenstein