Vann Brageprisen med Ungdomsskolen

Sjå kven som vann alle Brageprisane her!

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vann Brageprisen

Anders N. Kvammen blei onsdag kveld tildelt Brageprisen for teikneserieboka Ungdomsskolen i klassen for barne- og ungdomssbøker.

Juryen kallar boka ei ungdomsskildring av dei sjeldne:

– Boka kjennest tidlaus, truverdig og gjenkjenneleg. Med enkle virkemiddel formidlar Kvammen eit vell av følelser. Landskap og skyggebruk heng saman med sinnsstemningane og hendingane. Det blir aldri overforklarande, berre sårt, ømt, hjarteskjerande og sant. Godt sett, godt fortalt og godt formidla.

Frå boka

Dei nominerte i denne klassen var Ida Jackson: «Danielle» på Aschehoug, Ruth Lillegraven: «Eg er eg er eg er» på Det Norske Samlaget og Heidi Sævareid: «Slagside» på Gyldendal Norsk Forlag.

Feiring og fest-serie vann Open klasse
Gudny Ingebjørg Hagen og Malgorzata Piotrowska (ill.) vann Open klasse – sakprosa for barn og unge med verket Fest og feiring, gitt ut på Cappelen Damm.

– «Fest og feiring» er eit stort og gjennomarbeidd verk som løftar fram rikdommen i det kulturelle mangfoldet. Å fortelja om dei store verdsreligionane med dei største feiringane som inngangsportal er både klokt og praktisk med tanke på kvardagen i barnehagar og skular, skriv Bragepris-juryen.

Dei andre nominerte i Open klasse var:

Bjørn Arild Ersland og Per Dybvig (ill.): «Hvor gammel blir en tiger?», Cappelen Damm
Åshild Skadberg: «Dyr. Helt vilt – og temmelig tamt», Cappelen Damm
Steffen R.M. Sørum, Eldrid Johansen og Ingrid dos Santos (ill.): «Skriv genialt!», Aschehoug

Vann pris med bok om Syria-fararar
Åsne Seierstad vann Brageprisen i klassen for Sakprosa med boka To søstre, utgitt på Kagge Forlag. I boka følgjer ho to ungjenter frå Bærum som reiser til Syria og ein desperat far som forsøker å finna dei.

Dei andre nominerte i Sakprosa-klassen var:

Ivo de Figueiredo: «En fremmed ved mitt bord», Aschehoug
Bjarne Riiser Gundersen: «Da postmodernismen kom til Norge», Flamme Forlag
Svein Atle Skålevåg: «Utilregnelighet. En historie om rett og medisin», Pax Forlag

«Vær snill med dyrene»
Bragepris-juryen gjev «Vær snill med dyrene» prisen for det beste skjønnlitterære verket som er utgitt i 2016.

«Vær snill med dyrene» er den tredje romanen til Monica Isakstuen. Boka handlar om ei fråskilt mor som synest det er vanskeleg å forhalda seg til delt omsorg.

Dei andre nominerte i denne klassen er:

Kyrre Andreassen: «For øvrig mener jeg at Karthago bør ødelegges», Gyldenda
Anne Helene Guddal: «Døden og andre tiggere», Kolon Forlag
Nils Chr. Moe-Repstad: «Wunderkammer (27 kataloger)», Flamme Forlag