Seks av ti studentar trur ikkje på Gud

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I undersøkinga, som Sentio har gjort for Universitas , blei eit utval på 1.008 studentar i Noreg stilt spørsmålet: «Trur du på Gud?»

22 prosent svarte ja, 61 prosent svarte nei og 17 prosent svarte veit ikkje.

Hallgeir Elstad, professor i kyrkjehistorie ved Universitetet i Oslo er ikkje overraska over den låge delen religiøse studentar.

– Tidlegare var kulturen meir gjennomsyrt av kristendom og tradisjon, men i dag får ein ikkje same «hjelp» av kulturen. Kulturen blir meir sekularisert i vår vestlege del av verda, men blant anna muslimar gjer religionen sin meir synleg. I dag diskuterer vi blant anna svært mykje islam, seier han.

Han meiner det er fleire samanfallande faktorar som er grunnen til at berre 22 prosent trur på Gud, men han seier den aukande interessa for å diskutere religion, gjer at han ikkje ser vekk frå at religionen kjem tilbake.