Renberg i nytt lys
Ofte tek vi feil når vi vurderer kvarandre. I nokre tilfelle kan det bli lagnadstungt, seier forfattar Tore Renberg – aktuell med romanen «Du er så lys». Sjå video nedst i saka!
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Verda har forandra seg. Historikarar vil sikkert seie at 9/11 var starten. No ser vi fiendar overalt, og ikkje i form av styrande makter. Nei, fienden sit på trikken, eller ventar rundt hushjørnet. Det er ikkje bra for oss å ha det slik, men det er jo også forståeleg at vi er redde, seier Renberg. Han fortel NTB at det var dette, mistankekulturen, skulinga, som blei motoren i «Du er så lys».
– Verdiar som å vere raus og open står på spel, og det er utruleg trist. Eg trur dette blir tematisert i romanen, skjønt på mikroplan, seier mannen – som alltid skriv om dei skjøre i verda. Han har berørt psykisk sjukdom, dysfunksjonelle familiar og utskota i samfunnet med tidlegare romanar.
– For mange er det ikkje så greitt å vere her på jorda. Mitt bidrag er å skrive om folk som ikkje finn sin plass, fortel Renberg vidare – men strekar under at «Du er så lys» ikkje berre er mørk. Romanen er også full av varme, humor og lettheit.
– Ein av hovudpersonane i boka, Jørgen og kona hans Vibeke, dei har det bra! Saman med barna utgjer dei ein lykkeleg familie, noko som er sjeldan kost i mitt litterære univers, ler han.
Bakgrunn: Tore Renberg med ny roman – på nynorsk
Dramatisk start
Renberg fortel at dramathrilleren sjølv var gjenstand for litt drama i skapingsprosessen. Ideen til «Du er så lys» slo nemleg ned som eit lyn; Den lyste så sterkt at han berre måtte sette seg til tastaturet.
– Ideen var karakterbasert, eg ville følgje ein slik person som berre kjem inn i eit rom og fyller det med veldig kraft. Vi kjenner alle ein slik person, som feiar inn og stel showet. Eg trur mange av oss tenkjer: «Er du slik heile tida? Kva skjuler du?», seier Renberg. Som i romanen lèt den ruvande allmennlegen Steinar flytte inn i nabohuset til Jørgen og Vibeke.
Til å begynne med er alle begeistra over den nye som har kome og livar litt opp i nordvestlandsbygda.
Men så startar det: Ein katt og mus-leik med lesaren. For kven er denne Steinar eigentleg? Mistankar dukkar opp og handlinga tek stadig nye dreiingar.
– Med nye kjenningar er det jo slik at det tek ei stund før du klarer å ta inn heile personen, seier forfattaren. Som også sjølv lenge lurte på kvar historia hans skulle ende.
Les også: Kristian Fjellanger skriv om sorg utan filter
Trendy nynorsk
Ganske snart blei det likevel klart for Renberg at forteljinga måtte skrivast på nytt vis. Det var noko med dette universet som berre ropte på nynorsken.
– Spranget var faktisk ikkje så stort, eg har trass alt ein dialekt som ligg tett opp til nynorsken, seier Stavanger-mannen. Som strekar under at han slett ikkje kjem til å skrive alle bøkene sine på nynorsk heretter.
– Men det er eit nytt verktøy. Det er som om eg har fått eit nytt instrument, eller eit nytt kamera. Det kjennest frigjerande.
Tore Renberg har figurert på forfattarhimmelen i over 20 år, og har stadig gått nye vegar. Med boksinglar, bokserie, manusskriving og bokturnear er han ein forfattar som er van til å fornye seg.
Timinga for nynorskbruken kunne kanskje ikkje vore betre. Nynorsk er smått trendy no, med boklege suksessar frå forfattarar som Olaug Nilssen, Frode Grytten, Edvard Hoem, Anna Kleiva, Ruth Lillegraven, Agnes Ravatn og Gunnhild Øyehaug.
– Tanken på at nynorsk er gammaldags er i seg sjølv umoderne. Berre tenk på Elena Ferrante-bøkene. Eg har ikkje høyrt mykje klaging på den nynorske omsettinga, seier Renberg til NTB.
I denne videoen kan du sjå forfattaren som les frå første sida i boka.
Meir litteraturstoff: Rosie (28) har omsett Fugletribunalet av Agnes Ravatn til engelsk
Møt også idrettspoet Endre Ruset: – Northug har ein poetisk råskap over seg
Faktaboks
Tore Renberg
Fødd 3. august 1972 i Stavanger
Debuterte som forfattar i 1995 med Sovende floke, som vann Tarjei Vesaas' debutantpris
Fekk eit kommersielt gjennombrott med Mannen som elsket Yngve (2003), som også blei filmatisert (2008)
Har også skrive fleire barnebøker sammen med Øyvind Torseter, Kim Hiorthøy og Per Dybvig
Har skrive manus til spelefilmen Alt for Egil (2004) og musikkførestillinga Sonny (2011), eit samarbeid med Kaizers Orchestra
Musikar, platedebuterte som soloartist med Ingen nåde (2016)
Kjelde: Store norske leksikon