Nordpolen: 20 gradar varmare enn normalt

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Temperaturen på Nordpolen er 20 gradar varmare enn normalt, melder The Washington Post.

Kartet ovanfor er frå Climate Change Institute ved Universitetet i Maine, der det raude området viser temperaturar i Arktis langt over normalen. Det lilla feltet viser eit svært kaldt område over Sibir.

Ekstremvarme
Data frå det meteorologiske institutt i Danmark viser følgande temperaturmålingar nord for 80 breiddegrader i 2016:

 

Den raude linja viser temperaturmålingane for 2016, medan den grøne linja viser normaltemperatur gjennom året (snitt frå 1957-2002). (Klimanerdar nyttar Kelvin som målestokk, der 273,15K er lik 0 grader Celcius. Dagane i året er frå venstre mot høgre på X-aksen.)

Svært lite is
Samtidig med dei høge temperaturane kjem det også meldingar om at mengda av is i havet er mykje lågare enn normalt

 

I haustmånedane skal isen i havet ved Nordpolen normalt fryse til. Det ser ikkje ut til å skje i år.

Galskap
Observasjonane gjer forskarane bekymra.

Leiaren for det National Snow and Ice Data Center, Mark Serreze, fortel til Washington Post også havtemperaturen i Arktis er høgare enn normalt. «It’s pretty crazy», seier han.  

Til NRK seier klimaforskar Grete Hovelsrud ved Nordlandsforskning og Nord universitet at resultata er dramatiske, men ikkje uventa.

– Det spesielle med Arktis er at når det kjem så mykje varm luft til Nordpolen, samtidig som vatnet er varmt, får vi ein dobbeltverknad. Endringane vert store.

– Det er berre ein ting å gjere. Vi må stoppe utsleppa, avsluttar ho