«I have good news for the mice in the audience!»

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har dei funne ungdomskjelda?

Ønsket om å finne ei ungdomskjelde i blodet har engasjert i hundrevis av år.

– Allereie i 1667 utførte legen Jean-Baptiste Denys ei blodoverføring frå eit lam til eit menneske, skriv Einar Kristoffersen, avdelingssjef for Blodbanken ved Haukeland Universitetssjukehus i ein epost til Framtida.no.

Pasienten, ein 15 år gamal gut, overlevde eksperimentet, og sidan har blod fått mykje merksemd, både i populærkultur og av forskarar. No viser ny forsking at blod frå unge menneske kan ha ein positiv effekt på gamle mus.

18-årige donorar
I eit laboratorium i California har ei gruppe forskarar utført eit eksperiment der gav blod frå unge menneske til gamle mus. Først fjerna dei blodcellene (samt immunceller og blodplater) frå blodet donert av 18-år gamle forsøkspersonar. Resultatet vart ei gulaktig, nesten gjennomsiktig væske, kalla plasma (biletet).

Plasmaet vart deretter tilført til gamle mus, to gonger i veka over tre veker. Dei gamle musene var 12 månader gamle, tilsvarande 50 år hos eit menneske, og målet var å teste om det unge blodet kunne betre teikna på aldring hos dei utvalde musene.

Sakura Minami i selskapet Alkahest la fram funna sine på ein forskingskonferane i San Diego tidlegare denne veka. Til New Scientist fortel ho at «vi ser ein foryngande effekt».

Sjefen for Blodbanken ved Haukeland Universitetssjukehus er skeptisk.

– Som det av og til vert sagt på store medisinske konferanser: «I have good news for the mice in the audience!» Det er med andre ord forskjell på mann og mus. Difor bør vi vere skeptiske og avvente vidare forskingsresultat, seier Kristoffersen. (Foto: Researchgate.)

For å teste om blodet frå dei unge menneska hadde effekten Minami og kollegaene hennar hadde håpa, testa ho musene sine evner til hukommelse og navigasjon i labyrintar.

Gamle mus (og gamle menneske) presterer vanlegvis dårleg på slike testar. Etter tre veker med plasma frå 18-åringane, vart derimot dei gamle musene flinkare til å hugse kvar dei var og finne fram i labyrintane. Ved undersøkingar av hjernen til musene, såg forskarane at blod frå unge menneske hadde ført til fleire nye hjerneceller, samanlikna med kontrollmus.

– Blodet til unge menneske må innehalde noko som er viktig for å holde dei unge, seier Victoria Bolotina ved Universitetet i Boston til New Scientist.

For nokre år sidan fann forskarar ved Stanford at gamle mus som fekk overført blod frå unge mus lærte raskare og hugsa betre. Ei forskingsgruppe i Boston fann også høge nivå av det dei kalla «ungdomsfaktoren GDF11» i blodet til unge mus, og viste at GDF11 hadde positiv effekt på muskelstamceller og blodårer i hjernen.

LES OGSÅ: Forsøk på mus viser at mager sjømat gjer deg mindre svolten

8000 dollar for ungt blod
Selskapet Minami jobbar for, Alkahest, har starta ein klinisk studie der personar med Alzheimer’s får overført blod frå unge donorar. Håpet er at blodet skal ha same effekt på gamle menneske som på gamle mus.

Kristoffersen påpeikar at den kliniske studien er open for alle over 35 år som kan betale 8000 amerikanske dollar, og det gjer han skeptisk.

– Det er nok meir eit «sales pitch». Mest truleg kjem seriøse forskingsmiljø til å identifisere det viktige stoffet frå blodet, rense det og selje det for ein svimlande sum, seier han.

Dei noko oppsiktsvekkande forskingsresultata kjem førebels ikkje til å påverke behandling ved norske sjukehus, fortel avdelingssjefen. Han trur heller ikkje at dei nye resultata vil vere motivasjon for unge blodgivarar.

– Eg ser gjerne at unge vert faste blodgivarar, men ikkje med denne motivasjonen. Altruisme er den viktigaste drivkrafta til å gi blod, seier han.

LES OGSÅ: Døgnrytmen påverkar forsvar mot virus – viser forsking på mus

Stor anti-aldring-industri
På spørsmål om forskingsresultata kan føre til eit illegalt marked for blod frå unge donorar svarar Kristoffersen slik:

– Det kan kan nok oppstå, ikkje i Noreg eller EU-land, men kanskje andre stader der det er mindre regulert. Dei som eventuelt mottek slikt blod tek en enorm risiko, både moralsk og etisk. Særleg vil risikoen for smitte frå blodet vere betydeleg. Men industrien bak anti-aldring er stor, og markedet er umetteleg og aukande, så her kan nok ting skje.

LES OGSÅ: CRISPR-teknologi testa på pasient for første gang