Skodespelarforbundet til sak mot Det Norske Teatret

I 50 år har søndag vore fridag for norske skodespelarar. Forbundet meiner teateret bryt tariffavtalen.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til sak mot søndagsjobbing

Norsk Skuespillerforbund har reist sak mot arbeidsgjevarforeininga Spekter og Det Norske Teatret for å bryta tariffavtalen og ha innført søndag som fast speledag.

Skodespelarforbundet og Det Norske Teatret blei i 2014 samde om ein mellombels avtale om at Det Norske Teatret kunne spela eit avgrensa tal søndagar.

Søndag som fast speledag
Denne avtalen gjekk ut i april i år, men Det Norske Teatret har no innført søndag som fast speledag, med inntil to framsyningar kvar søndag. Det er i strid med tariffavtalen, meiner Norsk Skuespillerforbund.

– Etter å ha prøvd å løysa dette gong på gong gjennom lokale forhandlingar med arbeidsgjevarorganisasjonen Spekter utan resultat, ser vi oss no nøydde til å la Arbeidsretten avgjera saka, seier forbundsleiar Knut Alfsen i ei pressemelding.

Han seier at ordninga med å setja opp framsyningar søndagar bryt med ein 50 år gammal praksis hos teatera om at søndag er fridag for skodespelarane. Alfsen er likevel mest oppteken av at endringa ikkje er avtalefesta.

– Stemninga handlar ikkje om vi skal spela på søndagar eller ikkje, men faktum er at tariffavtalen ikkje opnar for søndagsspeling som ei fast ordning. Viss søndag skal innførast som speledag, skal heimelen for slikt arbeid avtalast kollektivt, strekar forbundsleiaren under.

Det Norske Teatret er ueinig
Det Norske Teatret hevdar på si side at  det ikkje vore nokre forsøk frå Skuespillerforbundets side på å løse saka lokalt.

Teateret tar til etterretning at Skuespillerforbundet no prøver saka i Arbeidsretten, men opplever ikkje nokon lokal konflikt rundt søndagsspeling.

– Skodespelarane ved Det Norske Teatret i løpet av kalenderåret 2016 i snitt har spelt i overkant av 3 framsyningar kvar på søndagar. Som kompensasjon har teateret innført prøvefri for alle på laurdagar. Dette har vore ei populær ordning som har ført til at skodespelarar ved Det Norske Teatret har meir helgefri enn dei hadde tidlegare og meir helgefri enn kollegaer ved andre faste scener, skriv det Norske Teatret i ei pressemelding.