Sebastian (26) og Tomas (30) skal måla elektriske felt på månen

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 15.08.2017 11:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei skal måla elfelt på månen

Ein aluminiumsboks på om lag ein kubikkdesimeter, med ei roterande skive på toppen. Han ser ikkje så spektakulær ut, den vesle dingsen som kan skapa grunn for vitskapleg gjennombrott når han blir send til månen neste år.

Enn så lenge står boksen i ein trekasse på eit lite rom i kjellaren til fysikkbygget på Umeå universitet nord i Sverige. I desember 2017 skal han skytast opp i rommet med ein rakett frå Kennedy Space Center i USA for å gjera noko som aldri har blitt gjort før: Måla styrken i dei elektriske felta som finst på månen.

– Det er heilt gale, eigentleg, seier prosjektleiar for prosjektet Umeå Lunar Venture, Sebastian Sjöquist (26), når Framtida.no besøkjer laben.

Sebastian er utdanna systemvitar, og var med på å starta hobbyforeininga Space Science Sweden for nokre år sidan. Det var eit samarbeid mellom entusiastiske romnerdar og forskarar på universitetet som gjorde Umeå Lunar Venture mogleg.

 

«Månelandingsprosjektet» i Umeå

Med denne boksen skal Sebastian (26) og Tomas (30) måla elektriske felt på månen. Me har møtt dei på månelaben i Umeå! Les saka her: https://framtida.no/articles/sebastian-26-og-tomas-30-skal-mala-elektriske-felt-pa-manen

Posted by Framtida on 17. november 2016

 

Vann konkurranse – får haik
Boksen deira får «haik» til månen med den tyske foreininga Part-Time Scientists, som samarbeider med AUDI om å senda to robotbilar til månen for å tevla i Google Lunar X Prize. Då forskarane innsåg at dei hadde litt ledig plass på måneferda sitt, lyste dei ut ein konkurranse: Kven kan fylla plassen med det mest interessante prosjektet?

– Dei fleste føreslo å senda opp ein 3D-skrivar eller ein robot-arm eller noko sånt, fortel Sebastian.

Likevel var det deira prosjekt som vann – mindre flashy, men vonleg meir matnyttig. Om dei skulle ha betalt for billetten på landingsfortøyet ALINA, måtte dei ha punga ut rundt 8 millionar kroner.

I sommar var 35 studentar med og mellom anna laga ein modell av boksen og trekassen som blir brukt til å testkøyra boksen. I tillegg har ULV eit PR-team med studentar innan digital kommunikasjon, som er med og styrer ein blogg, ei Facebook-side, ein Youtube-kanal og ein Instagram-konto.

– Eg trur det er unikt i verda at prosjektet involverer så mange studentar, i alle fall på bachelornivå, seier Sebastian.

Trengst om me skal flytta til månen
Men kva er eigentleg målet med det heile? Ifølgje entusiastane i Umeå kan målingane av elfelta vera med på å gjera månen til ein meir leveleg stad for både menneske og teknologi.

Sebastian og kollegaen Tomas Härdin (30) forklarer at månen har ein liten atmosfære av eit fint, men skarpt støv. Om natta, når månen ligg i skuggen av jorda, er dette støvet utsett for kosmisk stråling, som gir det negativ ladning. Om dagen, når sola skin på månen, blir støvet utsett for ein fotoelektrisk effekt: solstrålane «dyttar bort» eit elektron frå støvpartiklane og gir dei positiv ladning. Då svever støvet eit stykke over overflata på månen.

I skiftet mellom positiv til negativ ladning, skyt støvet fart og kan nå 300-500 meter per sekund. Dette er ei av dei store utfordringane, som saman med temperatursvingingar, stråling og trykk, gjer rommiljøet så «elakt», som Sebastian seier – vondsinna både mot menneske og teknologi.

Fenomenet er kjent, men ingen veit akkurat korleis og kvifor det skjer. Dette er per i dag ei av hindringane me må over for ein dag å kunna byggja ein permanent base på månen.

– Så viss me skal flytta til månen ein gong…

– Då treng me våre data, elles går det ikkje, seier Sebastian sjølvsikkert. Han forklarar at ingeniørane som skal designa månebasen vil trenga kunnskapen om korleis elfelta og månestøvet oppfører seg for å gjera det trygt.

– Den kan dessutan visa når det er trygt å gå ut. Inne på månebasen vil du kanskje ha ein slik boks ein stad på veggen, i staden for eit barometer, legg Tomas til, og viser til prototypen dei har mellom seg.

ULV8Teknikken som skal brukast til å måla styrken i elfelta på månen, er den same som blir brukt i liknande boksar på jorda. Å tilpassa teknikken til månemiljøet er likevel ei stor utfordring. 

Drøymer seg til månen
– Drøymer de om å dra til månen sjølv?

– Ja, absolutt. Då eg var liten, såg eg masse dokumentarar om Apollo, så det har vore ei stor interesse lenge, seier Sebastian, og drøymer seg vekk:

– Om eg kunne stå på måneoverflata i berre 10 minutt, ville eg vore nøgd. Berre det å stå på ein del av universet som ikkje er jorda… Den filosofiske biten av det er veldig lokkande for meg.

Tomas går ikkje med dei same draumane. Han har eit meir realistisk utsyn.

– Nei, det kjem ikkje til å henda uansett, så eg øydslar ikkje bort tid på det, seier han.

– Det måtte i så fall vore å dra til ISS (International Space Station, journ. anm.) og jobba med eit eller anna. Men eg veit ikkje kva det skulle vore.

Apollo_17_Cernan_on_moonNASA-astronaut Eugen Cernan og roveren som landa på månen med Challenger i 1972. Cernan og Harrison Schmitt er dei førebels siste menneska på månen. Roveren står der enno. Foto:  NASA / Harrison H. Schmitt

Neste prosjekt: Ferie
NASA avslutta sitt Apollo-program i 1972, då Challenger landa på månen med to astronautar og ein rover. Sidan den tid har månen hamna i den metaforiske skuggen, i det merksemda har flytta seg mot fjernare planetar og galaksar. Det har endra seg, og i dag kappar både statar og private selskap om å koma seg til månen.

I 2013 landa Kina sin Chang’e 3 med roveren Yutu, den første trygge månelandinga sidan russiske Luna 24 i 1976. I tillegg kjem altså Google Lunar X Prize, som lokkar med 20 millionar dollar i premie til nokon som sender eit robotfartøy til månen for å sende bilete og film tilbake til jorda.

– Månen har blitt hot igjen. Romfart i det heile tatt har blitt hot igjen, seier Sebastian. Han meiner at det framleis er mykje igjen å læra om månen, og at nye måneferder kan gi viktig lærdom før menneska skal ta seg fram til Mars.

Elon Musk og romfartsselskapet hans SpaceX har som kjent lansert visjonar om å etablera ein koloni med plass til éin million menneske på Mars. Det skal ikkje dei nordsvenske månenerdane bli med på.

– Kva blir det neste prosjektet for dykk?

– Neste prosjekt blir å ta eit halvår ferie etter å ha jobba døgnet rundt med dette i tre år, seier Sebastian.

Samarbeidspartnarane i Tyskland er på si side ikkje ferdige med månefarten, og kanskje får Sebastian, Tomas og resten av ULV-teamet sjansen til å senda nye dingsar med landingsfartøyet ALINA seinare.

– Men då må me nok betala sjølve, seier dei.

ULV5 Inne i denne kassa har Sebastian, Tomas og resten av ULV-teamet skapt eit kontrollerbart miljø for å testa teknikken i måleinstrumentet.

Fakta: Månen

  • Vart truleg til som resultat av ein kollisjon mellom jorda og ein annan stor himmellekam.
  • Kretsar rundt jorda i ein middelavstand på 384 400 km, med omlaupstid på 27 1/3 døgn.
  • Har ein diameter på 3480 km og ein masse som er noko over 1 % av jorda sin masse.
  • Det første romfartøyet som landa på månen, var den sovjetiske romsonden Luna 2 i 1959.
  • 20. juli 1969 landa det første romfartøyet med mannskap (frå det amerikanske romskipet Apollo 11) på månen.
  • Det hittil siste besøket skjedde med Apollo 17 i desember 1972.
  • Temperaturen svingar mellom +130 °C og -150 °C.
  • Tyngdekrafta er berre 1/6 av det ho er på jorda.
  • Kjelde: Allkunne