Dubie Toa-Kwapong kjem med ein dyster stemningsrapport frå Trump sitt Amerika.

I dag vakna eg i eit land der Donald Trump er komande president.

Då eg flytta til Saint Paul, Minnesota i hausten 2012, stilte president Barack Obama til val for andre gong mot Mitt Romney. Eg og vennene mine spøka om at vi kom til pakka koffertane våre og reise heim igjen om Romney vann valet. Om nokon hadde fortalt meg då at fire år seinare kom Donald Trump til å bli valt inn som president hadde eg nok ledd.

Dei fire åra eg har budd i USA har eg kjent meg heldig som fekk oppleve ein svart familie i Det kvite huset. Dette var noko eg aldri hadde forventa å sjå i min livstid. Med mange andre menneske i USA og rundt verda, feira eg dette som eit stort steg framover då Obama vann valet i 2008.

LES OGSÅ: Unge stemte på Clinton, kvite stemte på Trump

Men det  tok ikkje lang tid før vi merka at for nokre, var dette tolka som eit stort tap. Det fyrste Obama måtte handtere var ein bevegelse av amerikanske politikarar og borgarar som føreslo at han ikkje var fødd på amerikansk jord, og hadde dermed ikkje rett til å vere president. Dei hevda òg at Obama var muslim.

Det var i denne perioden Donald John Trump, tidlegare kjend som ein forretningsmann og reality-stjerne, kom fram som ein politisk figur. Trump var ein leiar i denne bevegelsen, som fekk namnet birthers. Dei forlanga å få sjå fødselsattesten til Obama og bevis på at han var ein trufast kristen.

Det få kunne ha førestilt seg var at det var starten på ein politisk karriere som kom til føre Trump til det kvite huset. Med birther-bevegelsen vendte Trump seg til dei konservative, kristne, og kvite, ein del av det amerikanske samfunnet som frykta det Obama-alderen symboliserte. Denne gruppa var misnøgd med den relative openheita til innvandring, auka sosiale mobilitet for ikkje-kvite menneske, framsteg for feminismen, og nye lovar som sikra rettane til dei med kjønns- og seksualitetsmangfald.

Desse konservative, kristne, og kvite mimra om dei gode gamle dagar, då fleirtalet av dei som vandra inn i landet var europearar. Då farga menneske forstod sin plass i det rasebaserte sosiale hierarkiet. Då menn styrte samfunnet og kvinner høyrde til i heimen og på kjøkkenet. Då berre to kjønn eksisterte. Då ekteskap var mellom to menneske av motsett kjønn.

For desse var kjensla av å leve i eit land leia av ein svart president i åtte år ikkje ulik audmjukinga det tyske folket opplevde på 1920 og 30-talet. Då den svarte presidenten lovleggjorde likekjønna ekteskap, og feira bidraga til kvinner, innvandrarar og farga menneske, kjende dei seg endå meir krenka. Og på same måte som Hitler, merka Trump ei politisk moglegheit.

LES OGSÅ: Kunne pressa stoppa Trump?

Her var ei gruppe som var vant til å vere midtpunktet i det amerikanske samfunnet. No vart dei plutseleg tvungne til å dele rampelyset. Og dei kjende seg truga. Med kampropet «Make America Great Again,» fortalde Donald Trump dei konservative, kristne, og kvite at han var leiaren dei hadde vore på utkikk etter.

Og sjølv om han nesten ikkje hadde noko politisk erfaring, med unntak av birthers-bevegelsen, stilte Donald J. Trump som kandidat for det republikanske partiet i det amerikanske presidentvalet.

Dei siste 18 månadane har vi observert ein valkamp mellom ein svært intelligent, erfaren politikar og, ein motbydeleg, rasistisk, framandhatande, homofobisk, og kjønnsdiskriminerande demagog. Og den sistnemnte vann kampen.

Det er viktig å nemne at Hillary Rodham Clinton ikkje var ein uproblematisk kandidat. Som statssekretær under Obama-regjeringa var ho ofte krigslysten, noko som har hatt forferdelege konsekvensar for land som Libya, Syria, Irak, og Afghanistan. Då ektemannen hennar Bill Clinton var president, skildra ho unge, svarte menn som «super-rovdyr», for å rettferdiggjere raserbasert profilering av afro-amerikanarar. Ho var blant dei som var i mot lovleggjeringa av likekjønna ekteskap, før ho skifta synspunktet sitt i 2013.

Men Clinton er utan tvil meir kvalifisert enn Trump.  Ho har vore politikar i over 40 år og jobba heile livet sitt mot målet å bli president. Så kvifor vann ikkje ho valet?

LES OGSÅ: Republikanar før valet: – Håpar desperat at det ikkje blir Hillary


Dåverande utanriksminister Hillary Clinton med den russiske utanriksministeren Sergey Lavrov i mars 2009. Foto: Wikimedia Commons 

Det er viktig å nemne av fleire amerikanarar stemte på Clinton enn Trump. Men det amerikanske valsystemet er ikkje basert på stemmer, men på valsmannskollegiet. Valmannkollegiet består av 538 folkevalte representantar som vel presidenten. Og avgjerda dei tek er basert på korleis borgarane i kvar stat stemmer. Og når fleirtalet av veljarane i dei fleste statar stemde på Donald Trump, var det tydeleg at han kom til å vinne.

Mykje av det som har blitt skrive om Trump-kampanjen hittil føreslår at fleirtalet av dei som støttar han er fattige, kvite amerikanarar. I artikkelen «White Riot – How racism and immigration gåve us Trump, Brexit, and whole new kind of politics,»skriv Zack Beauchamp at det ikkje er sosiale klasse og økonomiske vanskar som ligg bak støtta Trump har fått. Beachamp meiner Trump sin kampanjestrategi er ein del av ein aukande høgreekstremisme i den vestlege verda som er basert på å definere den minkande dominansen til kvite menneske som ein rasekamp. Kvite menneske er offer i dette scenarioet og må beskytte sin kultur og sitt folk mot islam, innvandring, politisk korrektheit og mørkhuda menneske.

Med tanke på dette er det ikkje overraskande at franske Marine Le Pen var blant dei fyrste som gratulerte Trump med sigeren, fylgt av fleire andre europeiske høgreekstreme politiske figurar. Som Brexit er suksessen til Trump er ein siger for kvite høgreekstreme bevegelsar over heile verda. Vi kjem nok til å merke verknaden av valresultatet i Europa, Sør-Amerika, og Oseania i fleire år framover.

Så her er vi. I januar 2017 kjem familien Trump til å flytte inn i det kvite huset. Dette er faktisk eit slagord mange Trump-tilhengarar har brukt: «Put the White Back in White House.»

Dei siste 24 timane etter at valresultatet vart klart høyrte eg mange venner og kjende uttrykkje sjokk. Dei var ikkje klare over kor sterk rasisme, kvinnehat, og homofobi var i USA. Eg har merka at desse sjokkerte i stor grad er kvite.

Dei flest av mine svarte, ur-amerikanske, og asiatiske venner har i lang tid visst sannheita om USA. Dei har vore aktive i  #BlackLivesMatter og #NativeLivesMatter, for å verne jorda mot forureining, og for å fortelje verda at kjærleik kan ta ulike formar.

LES OGSÅ: Dette betyr Superbowl-opprøret til Beyoncé

Så kvifor har det teke kvite, progressive amerikanarar så lang tid å innsjå dette? Kanskje fordi dei i stor er beskytta frå rasismen og framandfrykta som er like amerikanske som eplepai.

Før Trump kunne dei trøyste seg med at dei hadde stemt inn landets fyrste svarte president og at dei kom til å stemme inn Hillary Clinton som landets fyrste kvinnelege president. Dei har ofte vore meir opptekne av å snakke om kor liberale dei er enn å faktisk ta konkrete steg for sikre at landet ikkje gjentar si forkastelege historie.

Allereie har mange muslimar og ikkje-kvite menneske fått kjent på seg kva det betyr å leve i Trump sitt Amerika. Muslimske kvinner har fått hijaben dratt av i offentlegheit. Svarte menneske har fått «neger» ropa etter seg. Ein meksikansk student kom heim til ein Trump-inspirert «mur» som romkameraten hennar hadde laga.

Det er vanskeleg å ikkje føle at stuasjonen er håplaus. Det er frustrerande å vere redd når eg går på bussen og ser ein kvit mann i Trump t-skjorte sitje og smile lurt fordi han veit at han no har ei ny type makt. Det er viktig å gi folk, særleg dei som kjem til å lide aller mest under president Donald Trump, tid til å ta inn over seg det som har hendt og vise dei så mykje omsorg som mogleg. Om vi bur i land der vi ser teikn til at noko slikt kan skje, må vi gjere alt vi kan for å jobbe i mot det.

LES OGSÅ: Fryktar for klimapolitikken med president Donald Trump

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.13

Kommentarar

ANNONSE