Unge stemte på Clinton, kvite stemte på Trump.
Meiningsmåling viser at amerikanarane er delt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er no klart at Donald Trump vert USA sin neste president.
CNN har spurt om lag 25.000 amerikanarar på veg ut frå stemmelokala om alder, kjønn, etnisitet og kven dei stemte på. Svara viser eit delt USA.
Dei unge veljarane stemte på Clinton, medan veljarar over 40 stemte på Trump.
Trump-supportarane er i all hovudsak kvite. Majoriteten av dei ikkje-kvite veljarane stemte på Clinton.
Veljarar med høg utdanning stemte på Clinton, medan veljarar utan eller med låg utdanning stemte på Trump.
Alle bilete, skjermdump frå CNN sine exit-polls.
Og dersom berre dei såkalla «millennials» fekk stemme, hadde resultatet sett slik ut:
Here are the election results if only millennials voted… Progress is the longterm future of this country for both parties. pic.twitter.com/8TxWcD7tg5
— Jon Cozart (@JonCozart) 9. november 2016
Les intervju med ein filosof som meiner demokratiet ikkje fungerer: – Veljarane veit ikkje kva dei snakkar om