Regjeringa innrømmer at dei ikkje har nokon plan for å nå målet i klimaforliket om kutt av sju millionar tonn CO2 innan 2020.

NPK-NTB
NPK-NTB

Klimaforliket som blei vedteke av Stortinget i 2008 og styrkt i 2012, slår fast at Noreg skal sleppe ut maksimalt 47 millionar tonn CO2 årleg innan utgangen av 2020. I fjor var norske utslepp på rundt 54 millionar tonn.

Det betyr at om målet skal nåast må utsleppa reduserast med nær sju millionar tonn, 13 prosent av totale norske CO2-utslepp på dryge tre år, skriv Klassekampen.

Tina Bru, klimapolitisk talsperson i Høgre, seier til avisa at måla framleis gjeld.

– Men dei vil vere ekstremt krevjande å nå. Ein sette veldig ambisiøse mål i 2008, og så var ein tregt i gang. Vi har prøvd å auke innsatsen, men no er vi veldig nære 2020, seier Bru.

Ho trekkjer fram satsinga på elbilar og milliardsatsinga på energiteknologisatsing gjennom statsføretaket Enova som døme på at regjeringa likevel har styrkt klimaforliket.

Klimaminister Vidar Helgesen (H) har heller ikkje ein plan for å nå 2020-måla.

– Eg jobbar meir med planen for 2030 enn berekningar knytt til kor mykje vi vil ha klart å kutte utsleppa eit enkelt år, seier Helgesen.

Han vil ikkje avlyse måla, men skildrar dei også som «svært krevjande» å nå. (©NPK)

LES OGSÅ: Fryktar for klimapolitikken med president Trump

Oppdatert: onsdag 14. juni 2017 15.50

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE