– Å få ein klimaskeptikar som president er eit alvorleg tilbakeslag for det globale klimasamarbeidet, seier ekspert. Natur og Ungdom manar til fornya klimakamp.

mm

– Dette er diverre omtrent det verste som kunne skjedd for Paris-avtalen, seier Steffen Kallbekken til Framtida.no. Han er forskingsleiar ved Cicero og direktør for CICEP, forskingssenter for internasjonal klima- og energipolitikk.

Den historiske klimaavtalen som blei forhandla fram av 196 FN-land i Paris i desember i fjor, har gitt verda eit forsiktig håp om at det kan vere mogleg å avgrense den globale oppvarminga til maks to grader. Avtalen tredde i kraft så seint som 4. november i år.

Les meir om valsjokket: Donald Trump blir president

Kjip dag for klimaet
Etter at Donald Trump vart valt som ny president i USA, går Paris-avtalen ei usikker framtid i møte. Trump er ein uttala klimaskeptikar, og har i valkampen gått til åtak på klimaavtalen som USA ved president Obama slutta seg til i september. Viss han gjer alvor av lovnadane sine, fryktar Kallbekken at også andre land vil gi opp sin eigen klimainnsats.

– Det er eit veldig alvorleg tilbakeslag å få ein klimaskeptisk president, gitt at han gjer det han har sagt i valkampen, seier han.

Også Natur og Ungdom-leiar, Ingrid Skjoldvær, fryktar for klimakonsekvensane når Donald Trump tar plass i Det kvite huset. Ho meiner likevel ikkje det er nokon grunn til å gi opp.

– Det er ein kjip dag for klimaet, men no må me berre brette opp ermene og jobbe enno hardare for å nå dei måla me har sett. Me kan ikkje gi opp klimakampen berre på grunn av dustete politikarar, seier Skjoldvær.

Les også: Om vi ikkje klarer dei måla vi sette oss i Paris-avtalen, så er vi i deep shit, sa klimarådgjevar Svein Tveitdal tidlegare i år.

Tre alternativ
Sjølv president Trump kan ikkje gjere akkurat som han vil, forklarar Kallbekken.

– Han har sjølv sagt at han vil avlyse heile Paris-avtalen. Det kan han ikkje gjere. Det er mange nok andre land som er med til at den vil fortsetje å eksistere, uavhengig av USA.

Han peikar på tre moglege handlingsalternativ som står att for Trump:

        1. Han kan trekke USA ut avtalen, men det vil ta fire år: Først må han vente tre år før landet kan trekke seg ut, og så eitt år til før dei faktisk er ute.

        2. Han kan trekke USA frå heile klimakonvensjonen, altså sjølve rammeverket for klimasamarbeidet i FN (UNFCCC). Det vil berre ta eitt år, men er mykje meir drastisk, og vil bety at USA ikkje ein gong deltar i forhandlingane.

        3. Han kan velje å berre ignorere avtalen, og la vere å gjere det USA har forplikta seg til.

Avhengig av tillit
Sjølv den siste, «mjuke» varianten vil vere veldig alvorleg for Paris-avtalen, ifølgje Kallbekken. Han peikar på at avtalen er avhengig av tillit mellom landa som er med, fordi utsleppskutta skal gjennomførast nasjonalt.

– Viss landet med den største økonomien og dei nest største utsleppa ikkje gjennomfører, eller til og med trekk seg frå avtalen, så undergrev det den tilliten. Andre land vil då lure på kvifor dei skal gidde å bidra til den globale innsatsen, seier Kallbekken, som viser til at president Barack Obama har lagt mykje press på andre land for at dei skal forplikte seg til utsleppskutt.

Les også artikkelen «Ingen klima-Trump» frå januar, då me spurte: Kva skjer med klimaavtalen om USA får ein klimafornektande president?

Ventar på Trump
På klimakonferansen i Marrakech denne månaden, COP22, skal FN-landa etter planen diskutere nærare korleis Paris-avtalen skal følgjast opp. Mellom spørsmåla på dagsorden er kva slags informasjon ein skal basere seg på når ein måler utsleppskutt og vurderer framdrifta i avtalen, og korleis ein skal handtere tap og skade for landa som blir verst råka av klimaendringane.

Kallbekken fryktar at utfallet av presidentvalet vil setje brems på desse forhandlingane, fordi andre land vil vente og sjå kva Trump og administrasjonen hans gjer når dei tar over for Obama etter nyttår før dei forpliktar seg til noko meir.

– India, Kina og Russland vil ikkje ta på seg nye forpliktingar no, og så om nokre månader er ikkje USA med på avtalen lenger.

Me har tidlegare skrive om at sjølv Kina kritiserer Trump for klimafornektinga hans.

Oppdatert: måndag 5. juni 2017 16.00

Kommentarar

ANNONSE