Ein 22 år gammal mann er dømt til fengsel i fem månader av Høgsterett for å ha lasta ned og spreidd over 36.000 bilete og filmar av over 200 personar, frå tenesta Snapsaved.

NPK-NTB
NPK-NTB

Høgsterett skjerpa dermed straffa. Då saka blei behandla i Borgarting lagmannsrett, blei mannen dømt til 120 dagars fengsel – rundt fire månader.

– Ved utmålinga av straffa tek eg utgangspunkt i at det dreier seg om eit svært stort tal på bilete og filmar – 36.270 filer i alt – og eit stort tal på fornærma. Av desse er 200 identifiserte. Dei berørte er gjennomgåande unge og med avgrensa livserfaring. Fem er identifiserte som mindreårige. For dei andre er det lagt til grunn at dei er rundt 18 år. I denne alderen har mange vanskeleg for å sjå konsekvensane av å legge ut, eller samtykke til at andre legg ut, bilete av intim karakter, heiter det i dommen frå Høgsterett.

Straffa på fem månaders fengsel er ei fellesstraff som inkluderer dom for oppbevaring og bruk av marihuana. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.13
ANNONSE