– Ein er jo eit produkt. Du sel musikken din, men kor mykje av deg sjølv du vil visa er opp til deg, seier rapparen frå Bergen.

mm

– Det skulle heilt klart vore fleire kvinner, men når du tenkjer på at det berre er hundre år sidan kvinner fekk stemmerett i Noreg, og at rapkulturen ikkje starta her, så er det kanskje ikkje så rart, seier Gyda Ulrike Løken Sirseth.

Det har ein tendens til å brenna rundt 23-åringen frå Bergen, som både snakkar og skriv fritt om tema som psykisk helse, hatprat og press om å kle av seg.

Den største nyheita på musikkfronten er at GYDA har signert platekontrakt med MTG og er i gang med å planleggja første release-dato.

Til no har ho brukt artistnamnet Lenole, men er i gang med å gå attende til berre GYDA. Både som Lenole og Gyda er stempelet «kvinneleg rappar» noko ho er godt kjent med.

– Det er mykje mannsjåvinisme i musikkmiljøet. Og det er ikkje eit veldig inkluderande miljø. Eg driver med rap, det har ikkje noko med kjønnet mitt å gjera. Det er jo ingen som seier: «Er du ein mannleg rappar?» seier 23-åringen oppgitt.

LES OGSÅ: Mennene dominerer radiomusikken

Feministen
–  Det er veldig mange som trur du er veldig dårleg når du er kvinne og rappar. Dei har vel eit inntrykk av at kvinnelege rapparar ikkje er noko særleg, seier Gyda, som etterlyser fleire kvinnlege rapparar.

I oppveksten song ho i kor, spelte cello og skreiv eigne dikt og songar, som ho spelte inn på boomblasteren. Då ho som  12-åring oppdaga ho rap-sjangeren, kjente ho seg att.

– Eg kjente meg veldig igjen i kjenslene, fordi eg hadde ein veldig turbulent familiesituasjon heime. Det vart eit slags fristad, forklarar Gyda, som lot seg inspirera av 50 cent, Eminem, Karpe Diem og Nas.

Det var med andre ord ikkje mange kvinneleg førebilete å samanlikna seg med.

– Alt utviklar seg jo, så det er ein plass for kvinnelege rapparar. Det er eit tomrom, tenk berre på kor mange mannlege artistar som finnast. Men ofte får eg høyre at «du må vere meir slik, du må rappe sånn, du må vere meir sexy, du må vise meir hud.» Men kvifor det? spør musikaren.

– Er du feminist?

– Er ikkje feminist-omgrepet berre at ein vil at det skal vera like rettar mellom kjønna? Eg er jo for likestilling – sjølvsagt, ler Gyda.

Med meir alvor i røysta seier ho at ho trur det vil ta fleire generasjonar å kvitta seg med alle usunne haldningar som framleis finst i samfunnet. Nokre av desse haldningane har gitt seg uttrykk i spesielt dryge og kvinnediskriminerande tekstar, noko Gyda tykkjer er kritikkverdig.

– Det er objektivisering av kvinner. Men jenter bidreg jo til det sjølv òg, ved å kalla kvarandre «hore» eller «bitch». Det er litt som ordet «neger», som ein ikkje vil bruka meir. Men så er det mange mørke som seier «neger» til kvarandre. Akkurat slik er det når me jenter kallar kvarandre hore og andre negativt ladde ord, seier Gyda.

LES OGSÅ: Bryr vi oss mest om sexisme når det kjem frå svarte?

aDSC_4377Web
– Eg driver med rap, det har ikkje noko med kjønnet mitt å gjera, seier Gyda. Foto: framtida.no

Kroppspress
Sjølv har Gyda merka kroppspresset i bransjen på kroppen – bokstaveleg talt.

– Eg har blitt bedd om å slanka meg av folk i bransjen. Eg synest jo det er heilt jævlig at nokon skal be deg om det, seier 23-åringen.

Ho ser at utsjånad blir jo hyppig kommentert i media, særleg når det kjem til kvinnelege artistar. Og ho er ikkje i tvil om at utsjånadsfokuset vil halde fram.

– Men dei har jo eit poeng. Det er jo sant at sex sel. Samstundes så har du artistar som beviser det motsette. Du har til dømes ho store rapparen, som er dritkul…

Det vert ein liten pause før Gyda bryter ut:

– Missy Elliot! Du veit kva som skjedde med ho, då ho gav ut musikken sin? Første videoen hadde dei fått inn ei veldig tynn dame som rappa teksten hennar, utan at ho fekk beskjed om det.

LES OGSÅ: Paradokset Beyoncé: Frigjerar eller undertrykkjar?

Kleskritikk
Etter å ha opptredd som gjest i NRK-programmet «Line dater Norge» har veneførespurnadane rast inn på Facebook-profilen til Gyda. Line får prøva seg på nokre av Gyda sine norske «rhymes», men til vanleg er det engelsk som er favoritten.

– Det er kanskje lettare å bli spelt på norsk radio om du syng på norsk, for på engelsk konkurrerer du jo med heile verda, som drøymer om ein internasjonal karriere.

Og ein viktig ting har ho lært undervegs.

– Det viktigaste er at kroppen er din og ingen skal fortelje deg kva du skal gjere. Det gjeld òg hijab. Ingen skal bli bedd om å kle av seg eller på seg, konkluderer Gyda.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.13

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE