Venstre vil ha nynorskløft i statsbudsjettet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha nynorskløft i statsbudsjettet

– Venstre vil arbeide for ei solid nynorsksatsing i budsjettforhandlingane med regjeringa. Igjen er det Venstre som må sørgje for budsjettstyrking av nynorsk språk og kultur, seier stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V).

Venstre går mellom anna mot framlegget frå regjeringa om å overlate til Språkrådet å fordele støtte til språkorganisasjonar og språktiltak, og foreslår å auke støtta til Nynorsk Avissenter og Nynorsk pressekontor med ein halv million kroner kvar.

– Særleg lokalaviser er store nynorske tekstprodusentar, og gode nynorskjournalistar er viktige både for journalistikken og for at innbyggjarane skal få høve til å møte nynorsk i kvardagen, seier han.

I det alternative budsjettet sitt har Venstre òg lagt inn 1,2 millionar kroner til Nynorsk kultursentrum og etableringa av eit Vinje-senter. Partiet har òg sett av 1,3 millionar kroner til digitalisering og oppdatering av Norsk Ordbok. (©NPK)

Oppdatering: Ifølgje Sveinung Rotevatn føreslår Venstre i tillegg 1,5 millionar kroner til Landssamanslutninga av nynorskkommunar i budsjettet.