Ruth Lillegraven nominert til Brageprisen
«Det er langt mellom diktbøker for barn av så høg kvalitet», seier juryen om prisnominerte Eg er eg er eg er.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Lillegraven nominert til Brageprisen
Ruth Lillegraven er einaste nynorskforfattar blant dei nominerte til Brageprisen 2016, som blei kunngjort i dag. Ho er nominert i kategorien Barne- og ungdomsbøker for diktboka Eg er eg er eg er, som blei gitt ut på Det norske samlaget tidlegare i haust.
Lillegraven kjem frå Granvin i Hardanger, og har gitt ut fem diktsamlingar og éin roman. I 2013 vann ho Brageprisen for Urd, og i 2016 var ho festspeldiktar under Dei nynorske festspela. Eg er eg er eg er er den første samlinga hennar for barn.
Les også det fyldige intervjuet med Ruth Lillegraven frå i sommar: Oppdaterte Instagram-kontoen til Mette-Marit på klingande nynorsk
Vår meldar skreiv tidlegare i haust at Eg er eg er eg er er dikt for heile livet:
«Lillegraven har godt blikk for store og mindre ting i livet, og kjenslene me opplever. Dei fleste kan finna dikt å kjenna seg igjen i – både born, ungdom og vaksne. Det handlar om å ta i mot verda som eit barn. For om ein går inn i kjerna i kjenslene våre, så er ikkje forskjellen så stor om ein går i førsteklasse eller er ferdig på universitetet.»
Bragepris-juryen er også full av skryt til boka i grunngjevinga for nominasjonen (pdf):
«Den energiske, sansande og undrande barnestemma er ein gjennomgåande kvalitet i dikta, som formidlar sterke kjensler knytt til identitet, uro og endring. Årstidene ordnar dikta i fire syklusar, som skaper samanheng og framdrift i lesinga. Eg-stemma pustar i takt med denne natursyklusen, eit rytmisk grep som inviterer lesaren med. Dikta er visuelle, rytmiske og leikande, og ber om å bli lesne høgt.»
Brageprisen har blitt delt ut kvart år sidan 1992 for å heidra ny, norsk litteratur. Prisane for 2016 blir delt ut på Dansens hus i Oslo 23. november.
Open klasse: Sakprosa for barn og unge
Bjørn Arild Ersland og Per Dybvig (ill.): Hvor gammel blir en tiger?, Cappelen Damm
Gudny Ingebjørg Hagen og Malgorzata Piotrowska (ill.): Fest og feiring, Cappelen Damm
Åshild Skadberg: Helt vilt – og temmelig tamt, Cappelen Damm
Steffen R.M. Sørum, Eldrid Johansen og Ingrid dos Santos (ill.): Skriv genialt!, Aschehoug
Barne- og ungdomsbøker
Ida Jackson: Danielle, Aschehoug
Anders N. Kvammen: Ungdomsskolen, No Comprendo Press
Ruth Lillegraven: Eg er eg er eg er, Det Norske Samlaget
Heidi Sævareid: Slagside, Gyldendal Norsk Forlag
Sakprosa
Ivo de Figueiredo: En fremmed ved mitt bord, Aschehoug
Bjarne Riiser Gundersen: Da postmodernismen kom til Norge, Flamme Forlag
Åsne Seierstad: To søstre, Kagge Forlag
Svein Atle Skålevåg: En historie om rett og medisin, Pax Forlag
Skjønnlitteratur
Kyrre Andreassen: For øvrig mener jeg at Karthago bør ødelegges, Gyldendal
Anne Helene Guddal: Døden og andre tiggere, Kolon Forlag
Monica Isakstuen: Vær snill med dyrene, Tiden Norsk Forlag
Nils Chr. Moe-Repstad: Wunderkammer (27 kataloger), Flamme Forlag