Stadig færre ville dyr i verda

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I fellesrapporten Living Planet heiter det at reduksjonen av fisk, fuglar, amfibium, reptil og pattedyr har falle nesten tre femdelar sidan 1970.

Årleg forsvinn 2 prosent av virveldyra i verda, og om utviklinga held fram i same spor, vil to tredelar av den globale bestanden av virveldyr vere borte innan 2020, ifølgje rapporten.

Det er dyr som lever i innsjøar, elver og våtmarksområde som er mest i fare. Menneskeleg aktivitet, matforbruk, handel med dyr, forureining og klimaendringar er alle bidragsytarar til nedgangen, skriv BBC.

– Det er ganske klart at om ting held fram som no, kjem vi til å sjå framleis nedgang i villdyrbestanden. Eg trur vi no har nådd eit punkt der det rett og slett ikkje finst fleire unnskyldningar for at vi skal halde fram slik. Vi veit årsakene, og vi veit påverkinga menneske har på natur og dyreliv. Vi må handle, seier Mike Barrett i WWF. (©NPK)