Jublar over ny språkpolitikk i Unge Venstre

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Unge Venstre vedtok i helga å støtta språkdelte kommunar, sikra nynorsk i lærarutdanningane og styrkja posisjonen til dei nasjonale minoritetsspråka.

– Det er heilt strålande at Unge Venstre har vedteke desse språktiltaka, og det er stas å sjå at Unge Venstre tek språk på alvor og er tydelege i standpunkta sine. Me treng fleire på laget for å betre vilkåra for brukarane av mindretalsspråka, og me i Norsk Målungdom er glade for at Unge Venstre med sin gode språkpolitikk syner at tiltak som vil ha stor effekt ikkje er umogelege å gjennomføre, seier Synnøve Marie Sætre, leiar i Norsk Målungdom.

LES OGSÅ: Unge Venstre vil halda på eigen karakter i sidemål

Går for Odda-modellen
Unge Venstre vil at retten til elevane til undervising på hovudmål vert utvida frå å berre gjelda dei sju første åra på grunnskulen til å gjelda ut ungdomsskulen, slik det blir gjort i Odda. Kommunar i språkdelte område skal få støtte til å gjennomføra heilt eller delvis språkdelt undervising.

– Det er hovudmålet til elevane, ikkje undervisingspersonalet, som skal styra val av undervisingspråk på ungdomskulane, heiter det i vedtaket på landsmøtet.

– Ei slik nasjonal ordning vil vere eit lyft for nynorsk som hovudmål. Det er eit tiltak som gjev tydelege resultat der det er i bruk, og noko som sikrar trygge og stødige nynorskbrukarar, seier Synnøve Marie Sætre i Målungdommen.

QUIZ: Kva veit du om Ivar Aasen?

– Avgjerande
Unge Venstre vedtok òg at lærarutdanningane skal skal rusta studentane til å undervisa i nynorsk og bokmål, både som hovudmål og sidemål. Nøkkelen til godt læringsutbytte i språkfag, er språkmektige lærarar.

– Meir nynorsk i lærarutdanningane er heilt avgjerande for å sikre god undervisning i nynorsk både som hovudmål og sidemål. Mange lærarstudentar går i dag ut av lærarutdanninga utan og meistre nynorsk, og dette går utover kvaliteten på opplæringa elevane får. Dette skaper ein vond sirkel som må løysast opp, og meir nynorskopplæring i lærarutdanninga er heilt naudsynt, understrekar Synnøve Marie Sætre.

Før stortingsvalet i 2013 undersøkte Norsk Målungdomm partiprogramma. Sjå kva parti som hadde flest smilefjes for språkpolitikken i 2013!