Artisten Frank «Tønes» Tønnesen frå Sokndal vert tildelt Rogaland mållag sin målpris for 2016.

NPK
NPK

Prisen får Tønes fordi han nyttar Haua-dialekten både som kunstnar og låtskrivar, skriv Stavanger Aftenblad.

– Om han syng i Oslo eller i Sokndal, er han tru mot identiteten sin. Dette har og ført til at folk her er blitt meir stolte av dialekten sin, skriv styreleiar Magne Viggo Høyland i Rogaland Mållag.

I 2013 blei Tønes heidra med den gjeve Dialektprisen, som blir delt ut av Norsk Målungdom. Som artist har han også fått tre spellemannsprisar og andre utmerkingar. (©NPK)

Les også: – Frigjerande å skrive på dialekt, sa Tønes då han fekk Dialektprisen

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.12

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE