Viser veg for forskarspirer

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først publisert i Studvest!

I samband med arrangementet «Forskning i Front», inviterte Studentersamfunnet og Universitet i Bergen (UiB) til frukostmøtet «Yngre forskere i akademika» tirsdag. Dei tre unge forskarane fortalte frammøtte studentar om overgangen frå å vera student til å bli forskar. Blant dei var mindfulness-forskar Aslak Hjeltnes.

– Som stipendiat er ein friare til å gjera det ein vil. Ein får «vaksne» oppgåver, bidrar som formidlar til ferske studentar og driv med vegleiing. Du kontrollerer deg sjølv, i motsetning til bachelor- og masterstudentar. Det er ei herleg tid, seier Hjeltnes.

UNGE FORSKARAR I AKADEMIA: (f.v.) Askak Hjeltnes, Martin Fernø og Katrine Vellesen Løken arbeider i dag på Universitetet i Bergen. Dei ynskjer å få med seg fleir. (FOTO: MICHAEL CHANDRA)

UNGE FORSKARAR I AKADEMIA: (f.v.) Aslak Hjeltnes, Martin Fernø og Katrine Vellesen Løken arbeider i dag på Universitetet i Bergen. Dei ynskjer å få med seg fleir. FOTO: MICHAEL CHANDRA

Men han legg til at stipendiattida ikkje alltid er ein dans på roser.

– Overgangen kan vera utfordrande. Det er mykje meir ansvar. Trass i å ha tre år på å førebu ein avhandling, har ein eit arbeidspress hengande over seg heile tida. Som stipendiat er du heilt avhengig av ein indre motivasjon.

– Korleis velger ein riktig tema?
Eit spørsmål som kom frå studentane i salen var: Når veit du kva du ynskjer å skriva om og forska på? Og korleis vel ein riktig tema?

– Eg er ein av dei som tidleg i studietida fann noko som verkeleg engasjerte meg. Dei fleste siktar seg inn på noko i løpet av masteren. Det treng ikkje vera draumeprosjektet. Sjå på det som eit førarkort. Det er ei læretid, og interessa for temaet aukar dess lenger du er kome i prosessen, seier Hjeltnes.

Tanke om vidare løp er viktig
Eit spørsmål er overgangen frå å vera student til å bli stipendiat. Eit anna spørsmål er overgangen frå du disputerer til du kjem i fast jobb.

– Post-dok-perioden kan vera tøff. Ta UiB som eit eksempel. Her er det 400 stipendiatstillingar i året. Det er langt færre stillingar i toppen. Det gjer at dei stipendiatane som ynskjer seg ein fast stilling innan akademia ender opp med å arbeida lenge i midlertid stillingar. UiB er utdannings-institusjonen med flest midlertidig stillingar, seier Hjeltnes.

Som medlem i Akademiet for yngre forskarar arbeider han for å laga tydlegare karrierevegar til dei som er ferdig med doktorgrad.

SJANSESPEL: Tanken om det vidare løpet etter avhandling bør koma tidleg. Å vera stipendiat er kjekt, men er også eit sjansespel. (FOTO: MICHAEL CHANDRA)

SJANSESPEL: Tanken om det vidare løpet etter avhandling bør koma tidleg. Å vera stipendiat er kjekt, men er også eit sjansespel. FOTO: MICHAEL CHANDRA

– Ein må tenka langsiktig når ein vel å ta ein doktorgrad. Tanken om det vidare løpet etter avhandlingen er levert bør koma tidleg. Å vera stipendiat er kjekt, men er også eit sjansespel.

Han fortel at unge forskarar må opna augo og sjå etter moglegheiter.

– Det er mange andre sektorar rundt omkring som er på jakt etter unge forskarar med glødande engasjement.

Krav om lykke
Neste veke skal Akademiet for unge forskere samlast i Bergen. I samband med det skal dei ha eit føredrag på Kvarteret der dei skal snakka om korleis det er å vera ung, under tittelen «Krav om lykke».

– Det er første gongen akademiet samlar seg i Bergen. Til føredraget torsdag 27. oktober har vi invitert fleire kjende profilar, og det kjem til å vera veldig lærerikt. Me håpar studentane tek turen, seier Hjeltnes.

LES OGSÅ: UiB-stipendiat vert framstilt som landssvikar.