Kvifor kan me ikkje skriva fanfiction på skulen?

Anette Fadnes Marcussen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er kanskje ikkje alle som veit kva ein fanfiction er, men dei som gjer det, og kanskje til og med likar og lese dei eller skrive dei sjølv, hadde kanskje likt å få moglegheita til å skrive dei på skulen.

Ein fanfiction er ein historie om personar som finst frå før. For eksempel eit band, eller ein TV-serie. Det kan vere ein fanfiction om for eksempel Harry Potter, som allereie er oppdikta karakterar. Men det kan og vere om personar som finst i verkelegheita, som ein artist eller eit band. Det finst fleire bøker om Harry Potter som ikkje er skriven av J.K. Rowling.

Men til poenget: Kvifor kan me ikkje skriva fanfiction på skulen? Sjølvsagt kan du skriva i friminuttane, men kvifor ikkje i timane? Eg synest at me burde få oppgåver i skulen der me kunne velja å skriva ein fanfiction. Det er ganske greitt for dei som synest det er vanskeleg å dikta opp eigne karakterar, eller for dei som rett og slett berre føretrekk å skriva om folk som allereie finst. For eksempel på tentamen eller ein skrivedag, at enten var det forskjellige fanfiction-oppgåver, eller nokre vanlege oppgåver, og nokre som var fanfiction.  

Grunnen til at eg tar dette opp, er at eg sjølv synest det er kjekt å både lesa og skriva fanfiction, og eg veit om opp til fleire som er einige. Så kanskje de bør tenka på det? Kva seier dykk, lærarar?