Snart kan ungdomsskuleelevar i Bergen ha teiknspråk som valfag. Hilde Maria Boberg Andresen vil at tilbodet skal verte landsomfattande.

Hilde Maria Boberg Andresen, bystyrerepresentant for Bergen SV og student ved Teiknspråk og Tolking på Høyskolen i Bergen.
Hilde Maria Boberg Andresen, bystyrerepresentant for Bergen SV og student ved Teiknspråk og Tolking på Høyskolen i Bergen.

Noreg er eit land med eit mangfald av dialektar og skriftspråk. Eg vil rette litt merksemd mot det visuelle språket teiknspråk.

Ein regner med at omlag éin av tusen innbyggjarar er døve. Enda fleire har nedsett høyrsel.

Det utgjer ei god mengd nordmenn som til dels er avhengig av teiknspråk for å gjere seg forstått. Som har teiknspråk som fyrstespråk.

Forstår du teiknspråk? Test deg sjølv her!

Eit fullverdig språk
La det ikkje vere nokon tvil – teiknspråk er eit fullverdig språk der ein kan ha meiningsfulle, abstrakte samtalar.

Det er ikkje et støttespråk.

Og norsk teiknspråk er forskjellig frå ande land sine teiknspråk, nett som at norsk er forskjellig frå dansk. Eller russisk.

Diverre har ikkje me som samfunn heilt reine hender om ein ser på korleis teiknspråket og menneske med nedsett høyrsel har vore behandla.

Teiknspråk var ei tid forbode å nytte på døveskulane. Det var knyta til mykje stigma og ein idé at med rett opplæring kunne dei døve bli høyrande.

Noreg har eit ansvar for å ivareta dette språket. På same måte som me har eit ansvar i å ta vare på, og halde liv målformane våre.

Som alle språk er det ein kulturarv.

Sjølv om teiknspråket har vore forbode i undervisning av døve og sett ned på av samfunnet, har det alltid eksistert typar av teiknspråk som døve sjølv har nytta og funne opp for å kommunisere seg imellom. Det har ein identitet – i likheit med andre språk.

LES OGSÅ: Høyrslehemma Andreas (30) har IKT-utdanning, men måtte ta vaskejobbar

Bartendarar og politikarar
Teiknspråk er ein verdi i seg sjølv. Difor ville det vore fantastisk å la fleire få moglegheita til å lære teiknspråk. 

Ein fin stad å starte er på ungdomsskulen. Kvifor ikkje få teiknspråk som valfag? Det hadde vore gøy for elevar som ville lære noko nytt. Og det kunne gitt nyttig kompetanse i massevis av yrker. 

Tenk så sjukt kult om fleire hadde hatt tilsette som kunne snakke på teiknspråk? Me snakkar bartenderar, politikarar, lastebilsjåførarar, butikkmedarbeidarar og skulehelsepersonell.

På den måten vil teiknspråk som valfag vere med på å lage eit meir ope samfunn.

Det vil heve statusen til teiknspråket og styrkje det.

Forhåpentlegvis vil det vere med og rekruttere fleire tolkar. Og det vil hjelpe høyrande elevar å snakke med døve vener og klassekameratar.

Lyst å sjå musikk? Sjekk ut desse videoane med teiknspråksong!

Vinn-vinn
Lenge har det vore eit skilje mellom den høyrande majoriteten og dei som ikkje høyrer. Me bør viske ut desse skilnadane.

I Noreg har ein gått vekk frå døveskular for å integrere døve i «vanlege» klassar. Men å inkluderast ein stad der du ikkje kan kommunisere med klassekameratane dine er ikkje anna enn isolering med folk til stades.

Alle menneske skal kunne uttrykke seg og gjere seg forstått.

Dette handlar ikkje bare om å kunne forstå læraren, men om å føle seg som ein del av klassen. Kunne snakke med kompisar, sladre, fortelje hemmelegheiter.

Det å kunne bruke sitt eige språk til å uttrykkje seg er ekstremt viktig for identitet og stoltheit. Då må fleire få lære teiknspråk.

Så kom igjen då, Noreg. Lat oss køyre på med teiknspråk som valfag i ungdomsskulen. Det er jo vinn-vinn-vinn!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.12

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE