2.200 har meldt seg på vennefrukost på asylmottak

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I høve TV-aksjonen på søndag har 2.200 innbyggjarar meldt seg på såkalla vennefrukostar på til saman 84 asylmottak over heile landet.

Vennefrukostane blir arrangerte av frivillige i Røde Kors i samarbeid med meierikjempa Tine laurdag klokka 11 til 13.

– Responsen har vore over all forventning, og det er utruleg gledeleg at så mange ønskjer å bli betre kjent med flyktningane som bur på mottak på denne måten. Truleg er det mange som får ein ny venn på laurdag, og kanskje også ein dei kan gå med bøsse saman med på søndag, seier marknads- og kommunikasjonsdirektør Øistein Mjærum i Røde Kors.

På dei 84 mottaka som onsdag hadde takka ja til å arrangere vennefrukost, bur det heile 4.500 flyktningar. Bebuarane får moglegheit til å lage måltid frå heimlanda sine dersom dei ønsker det.

Les også: Slik går det når gutar frå Afghanistan, Syria og Nigeria høyrer nyare, norsk musikk for første gong

Invitasjonane er sendt ut via 26 millionar mjølkekartongar frå Tine dei siste vekene.

Årets innsamla pengar skal gå til Røde Kors sitt arbeid for folk råka av krig og konflikt i ni land: Syria, Libanon, Sør-Sudan, Afghanistan, Myanmar, Somalia, El Salvador, Guatemala og Honduras. Dette inkluderer også flyktningar som er komne til Noreg frå desse landa.

Som høge beskyttarar for årets TV-aksjon kjem dronning Sonja og kronprinsesse Mette-Marit til å vere til stades i studio i NRK søndag kveld. (©NPK)