Syriske Mohammad (24) speler opplevingane sine på scena

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Speler opplevingane sine på scena

– Det er vanskeleg å snakka om historia mi for då tenkjer eg på det, seier Mohammad Baghdadi. Framtida.no møter amatørskodespelaren etter førestillinga på Kilden teater- og konserthus i Kristiansand.

Den syriske 24-åringen er éin av fem amatørskodespelarar som står på scena under stykket Anne Franks søsken, sett opp av Agder Teater.

Syriske Anne Frank
25. august i år skreiv Nicholas Kristof i The New York Times at «Anne Frank Today is a Syrian Girl».

Her er han heilt på bølgjelengd med teatersjef og manusforfattar Amalie Nilssen, som bestemte tittelen på stykket sitt for eitt år sidan.

I Anne Franks søsken møter me den syriske 12-åringen Jamilah, som er oppvaksen i Noreg og er ekstremt stolt over å ha fått hovudrolla i skulen si oppsetting av Anne Franks dagbok.

Men før premieren vert Jamilah sendt ut av landet saman med mor si. Ingen vil gøyme den vesle jenta på loftet.

Året er 2010 og Jamilah og mora kjem til Syria akkurat i tide til å oppleve Den arabiske våren. Folket jublar for fridom, men demonstrantane vert skotne ned. Borgarkrigen er i gang.

Jamilah og mora må prostituere seg og ete mold for å overleve.

Til slutt legg dei ut på den farefulle reisa over Middelhavet, der mora druknar.

Framme i Noreg får Jamilah avslag på asylsøknaden sin. Ho er 17 år og åleine.

For hovudrolleinnehavar Nasrin Khusrawi er det spesielt å stå på scena med Mohammad Baghdadi, som har opplevd det ho speler. 33-åringen vil at publikum skal verte mindre likegyldige etter å ha sett Anne Franks søsken.  Pressefoto.

– Det vert ikkje spill
Hovudrolleinnehavar Nasrin Khusrawi meiner at teater kan vere eit viktig bidrag til dagens situasjon gjennom å skapa empati og forståing for andre.

– Ein treng ikkje gjere så mykje, men ein må gjera noko. Eg håpar at det skjer ei reell forflytting i publikum. At det ikkje berre vert eit augneblikks dårleg samvit, men at det utgjer ein forskjell og gjev dei lyst til å handla.

Ho meiner det er viktig å utfordra og oppdra publikum.

Den 33 år gamle skodespelaren kom til Noreg frå Iran som femåring. Det gjer at ho har nokre verdifulle erfaringar å ta med seg inn i stykket, men Nasrin er klar på at hennar historie skil seg frå dei syriske flyktningane som kjem til Noreg i dag.

Ho er svært audmyk for at dei ho no står på scena med faktisk har opplevd det ho som skodespelar skal formidla.

– Dei gjev både publikum og oss skodespelarane ein moglegheit til å kikke inn. Det vert ikkje spel, men sant. Når ein har motspelarar som kan sei det med belegg, så får det ein ned på jorda, seier Nasrin. 

LES OGSÅ: Amell Basic kom til Noreg som bosnisk kvoteflyktning –  å spela båtflyktning er noko heilt anna  

Fengselshistorier
– Eg var i fengsel i Syria fordi eg var i mot presidenten og fordi eg var kurdar, forklarar Jwan Mohammad etter førestilling.

For 26-åringen er det viktig at tilskodarane lærer om krigen i Syria og kva dei flyktar frå. I tillegg er han glad for at han får moglegheit til å bidra til det norske samfunnet gjennom teater.

Medan Mohammad Baghdadi fortel si eiga historie, speler Jwan ein av dei mange i den overfylte cella.

Å vere skodespelar i ein månad er som ein draum som går i oppfylling.

– I Syria hjelper det ikkje kor flink du er, ein må ha familie eller vener på teateret, forklarar Mohammad Baghdadi, og legg til:

– Det er gøy å jobbe som skodespelar. Eg snakkar norsk og lærer dei andre arabisk. Eg likar å bli kjent med folk og å integrere meg.

– Det er ikkje noko gøy i det heile teke å stå og lire av seg dette når de fem står rett bak meg, seier Jon Erik Myre, som speler Odins soldat.

LES INNLEGGET FRÅ PREST STEINAR SNEÅS SKAUGE: «Ettertida vil dømme oss hardt»

Odins soldater
Både før og under stykket vert me konfrontert med utsegn frå kommentarfelta. At «det gjelder å få dem ut så fort som mulig.» Ord som «valdtektsmenn», «barnesoldater» og «lykkejeger» går igjen.

I manusprosessen har Amalie Nilssen fått hjelp av ein medlem av Odins soldater i Froland, som har vore med å skriva replikkane til skodespelar Jon Erik Myre.

– Det er ikkje noko gøy i det heile teke å stå og lire av seg dette når dei fem står rett bak meg. Men diverre er desse meiningane ein av realiteten, seier han i etterkant av førestillinga. 

Fem av skodespelarane i Anne Franks Søsken er syriske flyktningar, som til dagleg går på skule på Kongsgården skolesenter. Dei har vore med å forma manus saman med teatersjef Amalie Nilssen og står no på scena med profesjonelle skodespelarar. Pressefoto.

LES OGSÅ: Vil knuse mytar om syriske flyktningar

LES OGSÅ:«Syrarane bestemmer ikkje over si eiga framtid»

Faktaboks

● Stykket vert spelt fram til 29. oktober og er eit samarbeid mellom teateret, Kilden Dialog, Dramatiske Selskab, Plattform – Norsk institutt for forebygging av radikalisering og voldelig ekstremisme og Kongsgård skolesenter.

● Både Mohammad Baghdadi, Mona Ayash, Jwan Mohammad, Ahmad Radwan Alkeder og Taha Mahsen Taiseer er alle syriske flyktningar, som får norskopplæring på Kongsgård skolesenter.

● Hovudrolla vert spela av iranskfødde Nasrin Khusrawi, som er første kvinnelege skodespelar med minoritetsbakgrunn som har gått ut frå Teaterhøyskolen.

● Manus: Birgit Amalie Nilssen, teatersjef

● Regi og visuelt uttrykk: Laura Christine Brøvig Vallenes