Surt hav trugar norske korallrev

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Akkurat som dei menneskeskapte klimaendringane er utslepp av CO2 til atmosfæren skuld i havforsuringa. Ein reknar med at rundt ein tredel av CO2-utsleppa er absorbert av havet. Det lettar litt på trykket i atmosfæren, men endrar havkjemien.

Det skriv forskarane Jan Helge Fosså og Tina Kutti ved Havforskingsinstituttet i ein kronikk publisert på Forskning.no.

LES OGSÅ: Norsk torsk har plast i magen

Kronikken tek utgangspunkt i at det store barriererevet i Australia allereie er sterkt prega av at havet er blitt varmare, der over 90 prosent av korallane truleg er daude i delar av revet. I heile revet, som er 2.600 kilometer langt, reknar ein med at cirka 20 prosent er daudt.

Norskekysten husar tusenvis av korallrev, men desse korallane er langt unna tolegrensa for temperatur. Havkjemien, der CO2-innhaldet stig og surleiksgraden (pH) søkk, kan derimot føre til alvorlege konsekvensar for norske korallrev.

– Ved slutten av dette hundreåret kan havforsuringa ha komme så langt at daudt korallskjellet kan gå i oppløysing. Dermed kan dagens korallrev byrje å forvitre. Samstundes vil nye korallrev truleg ikkje kunne bli danna, skriv forskarane ved Havforskingsinstituttet, som konkluderer med at å stoppe eller redusere utsleppa av CO2 er løysinga. (©NPK)

WWF-rapport: Overfiske, forsuring og forsøpling øydelegg miljøet i verdshava