Framtida
Publisert
Oppdatert 11.06.2017 21:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg høyrer av og til «dra til helvete»

Sebastian Netland har vore ein del av uteteamet i Amnesty International dei siste tre månadane. Kvar dag står han på Torgallmenningen for å informere om tortur og menneskerettar i verda, og for å selje medlemsskap i Amnesty.

Mange innbyggarar i dei norske storbyane har sett dei gå i sentrum i all slags vêr. Stort sett hastar folk forbi og takkar nei. Nokre ignorerer, mens andre stoppar opp for å diskutere.

– Eg trivst godt i jobben. Ein møter mange folk med ulike synspunkt. Eg bryr meg lite om dei som er negative eller frekke, fortel Sebastian.

Han trur det er lett å tenkje at det er så mange på gata, det blir for mykje. Eller at nokon ikkje er like engasjerte i menneskerettar som andre.

– Mange har faktisk ikkje tid. Eg merkar fort kven som er oppriktig og kven som seier det som ein unnskyldning, ler Sebastian.

Sebastian foto: EliseLøvereide
– Eg trivst godt i jobben. Ein møter mange folk med ulike synspunkt, fortel Sebastian. Foto: Framtida.no

Vil vere synlege i bybildet
Teamet i Amnesty Bergen består av 10 prosjektmedarbeidarar, prosjektkoordinator Marie T. Tindstad (23) og teamleiar Oda Høydal (27).

– Vi ønskjer å vere synleg i bybildet. På gata er vi Amnesty sitt andlet, og fordi Amnesty ikkje mottar statsstøtte er vi avhengige av å verve medlemmar, seier Marie.

I Norge har Amnesty cirka 100 000 aktivistar og medlemmar.

– Å vere på gata er ein metode som funkar. Vi treffer folk der dei er, og får mange nye medlemmar på denne måten. Nokon seier at dei heller vil melde seg inn på nett, men vi veit at relativt få gjer det.

Dei hyggelege veg opp for det
Denne dagen står Sebastian frå Bergen, Anne (20) frå Finland og Subia (24) frå Spania/ Australia på Torgallmenningen. Alle har sjølv vald ein kampanje som dei har sette seg ekstra godt inn i. Dei har terpa på kva dei skal seie og korleis dei skal svare dersom det blir ein diskusjon.

–  Det er sjeldan noko veldig drygt. Av og til er det fulle folk som tar ting utover oss. Ein sjeldan gong får eg høyre «dra til helvete», og liknande. Men alle dei hyggelege folka veg lett opp for det, seier Sebastian.

Ifølgje Sebastian er det unge menneske som er lettast å engasjere. Men då er det ofte pengane det står på. Dei eldre ønskjer ofte å engasjere seg, men har allereie medlemskap i Plan, Raude Kross og så vidare.

Sebastian spør to eldre damer om dei veit kor mange land som utøver tortur i politiavhør.

– Takk for at du spurde oss, vi blir nemleg aldri stoppa! seier dei to, og slår av ein prat før dei går vidare.

Subia foto EliseLøvereide
– Eg tykker det er godt atmosfære, stort sett. Sjølv om enkelte er uhøflege, trudde eg faktisk det ville vore verre. Eg har forståing for at folk er travle, seier Subia Robleda (24). Foto: Framtida.no.

Det er ein tøff jobb
Teamleiar Oda Høydal stod sjølv på gata med Amnestys kampanje mot dødsstraff for nokre veker sidan, då ho møtte ein mann som var ihuga forsvarar av nettopp dødsstraff.

– Somme av oss får høyre at vi er naive som trur at vi kan redde verda. Det finst også dei som vil gje deg heile livshistoria si, ler Oda.

Dersom det oppstår noko ubehageleg, snakkar teamet om det i fellesskap.

– På intervju gjer vi det klart at det er ein tøff jobb, der avvising er ein del av det daglege, seier Marie.

– Vi tar sølvsagt høgde for at folk kan ha ein dårleg dag, og oppmodar prosjektmedarbeidarane om å ikkje ta ting personleg.

Marie og Oda foto EliseLøvereide
– Vi veit at vervinga nyttar. I 1 av 3 saker oppnår Amnesty resultat, fortel prosjektkoordinator Marie T. Tindstad og teamleiar, Oda Høydal. Foto: Framtida.no   

Professor: Å bli stoppa på gata kan følast innvaderande
Arne Nygaard er professor i marknadsføring ved NTNU og Høyskolen Kristiania. Han trur at det å bli stoppa på gata i mange tilfelle kan følast som ein form for «tigging», der ein bryt inn i ein privat komfortsone.

– Mange interesseorganisasjonar sine produkt er god samvit og ei personleg stadfesting på å vere ein etisk person. For innsal av «god samvit» er det eit godt argument at ein får stadfesta sine haldningar og normer.

Nygaard trur at folk som ikkje føler seg forplikta eller som ikkje har eit godt inntrykk av Amnesty, vil vere vanskelegare å overtyde.

– Vidare er det essensielt om Amnesty har ein «moralsk autoritet», som folk identifiserer seg med. Mange kan reagere på enkeltsaker som blir knytt til organisasjonen. Dersom til dømes Amnesty støttar Mullah Krekar sitt krav om ikkje å bli utlevert, kan dette øydelegge for ein del personar sin langsiktige tillit til organisasjonen. Enkeltsaker blir derfor ekstremt viktige for korleis Amnesty blir møtt på gata, seier professoren.

LES OGSÅ:
Taher Tamini kjempar for menneskerettar

Yanah Mohammed får Raftorpisen